yalla

 

 

I helga tok eg ein spontantur til fjells. Pakka ski, telt, lånte meg ein eldre pulk og labba i veg lørdagsformiddag. Hadde ein plan om å gå opp til Båsabudalen ved Skarsheia. Gikk opp og runda Skardnuten, men det var kulsen vind oppå snaufjellet, så siden dette tross alt var ein kosetur så gikk eg nedatt til Gamlaskar og slo opp teltet der.

Fekk testa den nye soveposen, og den fungerte godt. Eg kraup i posen rundt 21:00 og vakna ikkje før 10:00 neste dag. Då var eg godt utkvilt og klar for den litle biten ned til bilen igjen. :) Godt å vite at eg klarer å holde varmen, for neste helg går turen opp til snaufjellet!

Glemte kamera, men knipsa nokre bileter med mobilen:

 

Hadde ei helg på Sand i anledning volleyballkamp mot ungutane på Toppvolley. Søndagen tok eg og Mari turen til Liafjellet. Tåka låg tjukk i dalen, men me skulle ikkje langt opp før det blei finver :)

 

Bilder fra turen

Hadde ein forfriskande tur til Blåfjellenden i helga!

Blåfjellenden ligger i Frafjordheiane landskapsvernområde med utsikt nedover den vakre Fidjadalen. På grunn av kort gangtid fra Hunnedalen (3 timer) er hytta populær blant familier og andre som ønsker en kort helgetur. Hytta har 28 sengeplasser fordelt på 16 senger i hovedhytta og 12 senger i sikringshytta. I tillegg har begge hyttene hems.

Med sin sentrale beliggenhet knytter hytta sammen fem ruter fra Eikeskog, Langavatn, Sandvatn, Flørli og Hunnedalen. Den siste ligger bare 7 km fra Blåfjellenden og følger gammel driftevei i lett terreng. (Kilde: ut.no)

Les tekst og sjå bilder på mariwedum.com.

 

Eg og Ingve hadde ei fantastisk veke med telt og fiskestang på Hardangervidda i midten av august.

Laptopen min sliter når det er snakk om å redigere full-hd materiale. Så derfor slenger eg bare denne ut slik den er nå. Så kjem det nok ein ny versjon når det er nyare maskinvare i hus!

Skriftlig rapport kjem seinare!

 

Tradisjon tru, tok me årets fjellcharter i vakre Suldalsfjell. Ein liten rundtur med utgangspunkt og målgang i Sandsaosane.

Fredag

Me starta fra Sandsaosane rundt 20:00 i lettskya ver, etter ein time og halvanna så var me på plass ved den store Sandsahytta. Her var det ikkje så mykje folk. Ein vertskapsfamilie, samt fem til. Olav var venta i løpet av kvelden/natta. Planen var at me skulle låne båten, og hente han på andre sida. Men tett tåke og lite mobildekning førte til at eg og Ingve tok ein rundtur på vatnet når me såg nokre lys i enden. Men me fann aldri Olav, og han måtte derfor ta beina fatt og gå i mørket langs vatnet. Rundt 0130 var han trygt stasjonert på hytta.

Lordag

Våkna til eit fantastisk ver. Nysteikt brød, kaffi og sløving på terassen, før me satte kursen straka vegen mot himmels. Fulgte Valåna opp til fjells, og runda Snønuten ned mot Svinstølen. Hadde ein lengre bade-, fiske og lunsjstopp ved Litletjørn (like ved Svinstølsvatnet). Labba vidare via Fagerstøl. I Stranddalen hadde me reservert lavvoen, og me kom fram dit i sekstida på ettermiddagen. Glad me hadde lavvoen, for det var folksomt i Stranddalen. Etter eit herlig avkjølande bad var det klart for turens høgdepunkt. Tre-retters middag, vin og øl. Fekk servert ein fantastisk middag; spekespyd, svinekam og dronning maud. Farlig med “et så mykje du vil” etter ein dags vandring. Etter middagen var det bare å nyte solnedgangen i hytteveggen. Og når sola gikk ned på Stranddalshytta, gikk me opp på nabostølen, og fekk nyte litt til før sola forsvann bak fjella.

Søndag

Atter ein dag med knall blå himmel, blir ikkje betre. Me tok ein rolig formiddag, med lang frokost, kake og kaffi før me begynte å tenke på å labbe vidare i ett-tida. Dette i motsetning til dei aller fleste andre der oppe. Før klokka 10 var det folketomt, folk stressa rundt som høner og hadde det så travelt med å komme seg avgårde til byens tjas og mas at ein nesten blei stressa av å sjå på. Dette var ein av dei finaste dagane til nå i år, og alt dei tenker på er å komme seg ned til bilane før klokka har blitt 12.

Me gikk “Napen-ruta” tilbake til bilane, første fiskestopp i Øystastranddalen. Her er fisken bitevillig og innimellom er den feit og fin. Guttane fiska, og Mari las bok i lyngen. Idyll. Etter ein lengre fiskestopp gikk me vidare, passerte Napen i fine klyv, og tok lunsjen ved Lånene. Fantastisk utsikt og ein særs fin plass for kaffi og skjeva. Nedover lia var det mykje molter, og me stappa i oss dei som var blitt modne. Vel nede ved bilane i seks-tida. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Sandsavatnet. Reine, fine og fornøyde kjørte med dei 10 mila attende til byens kjas og mas.

Middagen i Stranddalen var atter ein gang turens høgdepunkt!

Takk for turen!

© 2011 Yallaveven - Hans Magne Helland Suffusion theme by Sayontan Sinha