Jul 202011
 

I helga var det duka for den etterkvart tradisjonelle turen med unge lovande Svandal og Happy Hunters! Etter ein del start-kluss, var me klar til å traske avgårde rundt kl 21:30 fredagskveld. Sidan me ikkje fekk båtskyss inn til Tengesdal, vart det til at me gikk fra Vågstunellen/Hylsskardet. Målet for turen var Nesflaten.

Les meir under filmen.

Fredag:

Det var ein basjen start, bratt og kratt. Etter ein kikk på kartet, så ser me jo at me starta på feil side av tunellen, men me kom oss greit opp til fjells der me gjekk og.

Gjekk opp Vargshidalen, og skar inn på stien mot Liastølen. Gikk så inn mot Fiskevatnet der me campa for natta. Fiskevatnet levde opp til navnet sitt, og det var eit forrykande liv uti der. Dog var det mykje småtteri, slik det ofte er når “fisk” er ein del av navnet til eit vatn.

Lørdag
Etter ein lang og fredelig formiddag, med fiske, sol og drøs var me klare for dagens etappe rundt kl 1500. Me sikta oss inn mot Steinbu og Kvannvatnet, og ville så følge det dalføret inn mot Nesflaten. Hadde ein fiske- og lunsjstopp ved Kvannvatnet før me seig vidare innover mot Svinstølen. Ved Svinstøl fann me ein meget idyllisk teltplass med utsikt mot Skaulen. Her var det bål, grilling, nakenbading og fisking i skjønn forening. Fekk nokre dråpar utover kvelden, så då blei det telthygge i Nalloen utover dei seine timane.

Søndag
Som dei morgenfuglane me er, så var me klar til avgang rundt kl 13:30 på søndagen! Fiska litt i Skaravatnet, fekk fin og sprek fisk. Så kom rosinå i pølså; Harrskor*, fantastisk utsikt over Suldalsvatnet. Me traff nesten på første forsøk. Gjekk i eit dualeg skårfeste, og måtte litt oppatt for å komme på rette platå. Kom oss ned til Nesflaten i femtida, der vart me plukka opp og kjørt ned att til bilane med Vågstunellen!

Takk for turen!

*På kartet står det Harrskor, men trur lokalbefolkningen kaller det Herskår.

Nov 022010
 

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.
Continue reading »

Sep 192010
 

Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg :)

Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær :)
Continue reading »

Aug 162010
 

Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under på det (les; sviddhud.com).

Fisken beit til tider, men den beit desidert mest på ein spesiell sluk, denne sluken tok ni fisk, medan resten av slukane tok ein. Lurer du på kva sluk det var? Då kan eg informere deg om at det er ein godt bevart hemmelighet. Den canadiske bekkerøya er ein forteffeleg matfisk, knallrød i kjøtet, og smakar snadder. Litt slappare i fisken enn auren når du får den på kroken, så ikkje så godt å bedømme størrelsen før du ser den i vatnet. Me fekk ikkje overflod med fisk, men nok til å halde oss mette. Trur me skremte vekk eindel med plasking og bading i adams drakt ;)

Alt i alt, så er vel dette eit paradis for ein fiskar, stryk, kulpar og småvatn så langt auge ser! Me kjem att for ein ny Pøylånå-festival neste år!

Ellers er det vert og nevne at det var veldig mykje lemen, så rypejakta kan bli fin på statsalmenningen i år :)  Observerte både rype, hare og røyskatt på turen. Og i tillegg observerte me ein fining som nett hadde dratt i land ein feit fisk i eit lita tjødn når me var på veg heimover, her blir det nok ein liten rast neste gang :)

Bilder i albumet!