Kategorier
Dyrajakt Jakt, fiske og friluftsliv Ukategorisert

Dyrajakt 2022

I år blei det ein helgetur og to dagsturer før det vart veiing i Reinheimen. I Dyraheio vart det suksess på turen til Steinkilen!

Dyraheio

Reinheimen

Kategorier
Dyrajakt Jakt, fiske og friluftsliv

Dyrajakt 2018

Ein liten rapport frå årets to turar etter dyr. Ein tur i Reinheimen og ein i Dyraheio.

Finndalen/Reinheimen

Fem dagar etter åpninga gikk turen til fjells. Drotten hadde ikkje vore på lag siste dagane, rapportane sa at dyra stort sett sto i naboterreng. Heldigvis er det andre småbarnsforeldre som ikkje kan styre all jakt etter drotten, men må tilpasse seg barnepassen. Fekk derfor henge meg med ein lokalkjend storjeger! Særdeles bra når ein skal i nytt terreng.

For ein som er vane med terrenget i Dyraheio, så var dette eit lett-gått terreng! Her ser ein langt, og lengre en langt!

Ved teltplassen

Etter me hadde fått opp telt og hatt ein liten runde for å kikre litt, så kom snøen, og den la seg. Det vart trolsk stemning i fjellet.

Teltplassen seinere på kvelden

Dagen etter letta været, snøen låg fortsatt i høgden. Me hadde lagt ein slags slagplan dagen i forvegen, men når me kom inn i mobildekning endra forutsetninga seg, det var observert ein krudl og ein dott med dyr, lenger sør og lågare ned.

Heilomvending!

Litt kikring

Etter at «internett» hadde kome med hint om kvar det var observert dyr, var det bare å ta på seg sjumilsstøvlane og legga i veg. Frykta det skulle være andre jegrar som allereie hadde vore på dyrå, men når me lokaliserte dotten sto dei fredeleg og beita, og ikkje ein jeger å sjå. Dyra var på feil side av grensa, men eitkvart i vest har nok bråttom satt ein støkk i dei, for dei seig jamnt austover, med drotten i fuå, og opp mot oss. Etter kanskje ti-femten minutt var dei over på rette sida, og kom stadig nærmare. Dei stoppa og beita vidare ca 150 meter frå oss.

Eg hadde i forkant vunne «loddtrekninga» og skulle skyte først. Plukka ut ein passelig fin bukk, som sto fritt og det small i X-bolten. Bukken datt som ein sekk på staden. Herleg.

Der låg an

Me var dog langt frå både telt og bil, men det var kortast til bilen, og negativ høgdeprofil, så då vart avgjersla å rusle til bilane, og la telt stå igjen. Med tung bør vart det ein lang tur ut. Klokka viste vel nærare 23:00 før sekken kunne lempast inn i bilen.

Det var langt heimatt

Søndag var det på an igjen, det låg mykje kjøt att i fjellet som måtte ned. Fann heldigvis ut at ein kunne komma seg relativt nært fallstaden om ein køyrde opp ein skogsveg i Skjåk. Fleire høgdemeter, men under halvparten av distansen. Fin utsikt fekk ein og!

Henta resten dager derpå

Då gjenstår bare ein siste tur opp for å henta telt! Det får bli etter ein kviledag!

Kort oppsummert: To mann, to bukkefall = Suksess!

Takk for turen Heier!

Dyraheio

Fekk henta teltet i Reinheimen tirsdagskveld, og onsdagskveld var det tid for avreise til Suldal og den sagnomsuste Dyraheio! Etter gode sju timar i bil kunne eg parkere bilen ved Mosvatnet og krype i bagasjerommet for ei god natts søvn.

Det var meldt ymse drott, den skulle komme i alle retningar iløpet av helga, men den var på vest torsdagen når me la i veg innover. Me sikta oss derfor inn på eit kikringspunkt ved Kaldavassleite, som «Dirigenten» refererte til som ein av dei flottaste plassane å sitta i heiå. Det stemde godt.

Kaldevassleite

Flott var det, men ikkje ei klauv å sjå. Etter ein lite powernapp sela me på og gikk vidare mot botn. I botn er det alltid håp!

Atter ei nydelig utsikt, men daudt som i graven.. Etter kvart seig med nedover og inn mot sjølvaste Steinkilen.

Steinkilen

Ikkje den verste utsikten frå hytteveggen i steinbuå. Heilt greit å slenge seg nedpå etter ein lang tur inn.

Kort oppsummert var det ikkje eit dyr å sjå i heiå denne helga, så me får komme sterkare attende ved seinare høve! Men ein flott tur med godt turfølge! Legg ved nokre utvalgte gullfjotos.

Nutane
Nutane

 

Kringlevatn

 

Steinkilen – stort betre blir det ikkje

 

 Snaut 2 kg kvalitetsfisk.
Karen sto for den største fangsten i løpet av helga. Snaut 2 kg kvalitetsfisk.

Takk for i år!

Kategorier
Dyrajakt Jakt, fiske og friluftsliv

Dyrajakt 2017

Så vart det atter ein tur for historiebøkene.

Me fekk ikkje med oss åpningsdagane i år, av ymse grunnar. Ikkje bare, bare å få logistikken til å stemme for tre/fire småbarnsfedre. Det var ikkje enkelt å sitje på eit kontor og lese om tidenes sesongåpning i Dyraheio, det ramla inn rapportar frå fjern og nær om dyr overalt. Blei reint svett bare av å lesa og sjå på bilder …

Endeleg; Mot slutten av august klarte (nesten) alle å rive seg laus frå familiebedriftene på same dato, slik at me kunne møtast på den fagraste stad på jord; Steinkilen. Steinar og meg ankom Mostøl klokka 02:00 natt til torsdag, me kvilte nokre timar i lyngen før me la i veg mot heia sånn i halvseks-draget.

Me gjekk om Tjødnabotn og sikta oss inn på nokre flotte utsiktspunkt i nærleiken av Kringlevatn. Nydeleg vær, formiddagen gjekk utan dyr i sikte, ei relativt kort natt førte dog til at me tok ein god kvil i fjellet, det var så fint, trengte ikkje fjellduk eingang. Makalaust. Me såg ingen dyr rundt Kringlevatn, og la etterkvart kurs mot Steinkilenuten.

Etter eindel kikring, ryktes det på radioen om at det har vore veiing i Kaldafjell. Me flyttar oss litt for å sjå betre i den retning, etter kort tid ser eg ein krudl med relativt røsslige dyr i himlaleitet. Fortel Steinar kor eg ser dei, men han ser bare to jegrar som står å gjer opp eit dyr. Me informerer på radio om at det står ein heil gjeng med dyr bare eit par hundre meter fra dei, men dei har nok med den dei held på med.

Me får kontakt med Kjetil, han sitt litt lengre nede. Me møtes, klokka er nærmare kveld.  Etter ei lang rådslagning vart me enige om at me må prøve å komme oss bort før mørkret kjem:

«Dykk kan jo komme over og ta dei!» – Dirigenten.
«Ka seie dykk? Kan gå til skosålane dett av eg!» – Steinar.
«Me går!» – Kjetil og Hans Magne.

Me slang i frå oss innhaldet i dei tunge sekkene og la i veg. Kjetil satte opp eit forrykande tempo, det var bare å  halse etter så godt som råd.

Det viste seg at han hadde havna på etterskot helga før, då han prøvde å henge på ein lokal bestefar, det skulle iallefall ikkje skje igjen!

Når me kom opp, og skulle runde ei tjødn for å komme bort mot siste observerte lokasjon, ville Ravn (bikkja til Steinar) ein annan veg. Erfaring seier at ein tullar ikkje med nasen til Ravn. Me satte hund og hundeførar i front, og lot dei styre retningen, og der! Der låg dei, ein 20-25 dyr, dei aller fleste av det røsslige slaget. Det var heldigvis eit par me kunne ta med kortstokken vår. Kjetil vart den som først fekk stilla, etter ei relativt kort stund vart korrekt dyr fristilt. BANG! Det small i Sakoen, dyret endestøyta.

Resten stakk avgårde, men me lokaliserte dei raskt igjen, dei kom i god fart opp ei snøfonn; ned på magen, finn det rette dyret i korset, avstanden er innafor, men dyret ligg klistra bak leiarbukken og dei har ingen plan om å stoppe opp. Dei rundar ein fjellknaus og blir borte. Det byrjar gå mot kveld, men me har framleis litt tid med skytelys. Steinar og Ravn går etter, finn dei igjen, men det blir ikkje fleire skotsjansar denne dagen.

Me gjere opp dyret, steiner det ned og gjer klar hodelyktene for å finne vegen attende til hytta, og ikkje minst finne igjen innhaldet i sekkane, gjekk bra begge deler. I stummande mørkre, klokka 22:00 er me på plass i Steinkilen. Det var god stemning på hytta, alle hadde vore i dyr.

For ein start!

05:30 kima det i mang ei vekkerklokka, etter litt slumring og «oiing» vart det liv i hytta. Atter ein flott dag, blå himmel og rette drotten. Me drog i same retning som kvelden før, ville sjå om ein kunne finne igjen krullen me var i igår. Me hadde knapt sett oss ned, før det vart observert dyr i kikkerten.

«Ein hope! Kanskje ein dott!? Det e eit definisjonsspørsmål!»

Dei var langt vekke, og ingen jegrar i den delen av fjellet, me observerte i fem-ti minutt før me la ein slagplan og sala på igjen, atter eit tempo det lukta svidd av. Lett trav. Når me nærma oss var det bare å la Ravn styre showet, han losa oss rett på igjen. Steinar viste seg som ein rev i «Stein/Saks/Papir», og fekk stilla først. Mauseren går snorbeint og simla datt.

Kjetil og meg gjer oss klar der me ser for oss det vil skje etter smellen. Får dei ikkje på skothald igjen umiddelbart.

Men me har «Dirigenten» på andre sida av vatnet, han sitt og observerer, har som vanleg full kontroll over det som rører seg i heiå.

Me får beskjed om å legge oss og vente, dyra snur og er på veg opp att! Og det stemmer, heile gjengen kjem i retur, dei ser lettare forvirra ut, snøfter og grynter og veit ikkje heilt kva dei skal gjere. Eg har ein halte nekk i sikte, men den går ikkje fritt … Følger den lenge, og plutseleg stiller den seg med breidsida til, bakerst av alle, den dett rett ned etter ein smell frå x-bolten.

Flokken deler seg i to og stikk. Steinar tok ein for laget og bar simla og deler av nekkjen mot Midtvatnet, for å lette bæringa på søndag. Kjetil og meg tok resten av kjøtet, gjekk og henta dyret frå dagen før, og steina det ned ved Steinkileskaret.

 

Atter ein fantastisk dag. Klokka vart over 21 før me var i hytta i dag og. Når skal me rekke å koke komler? Me måtte ta ein rask middag denne kvelden og.

«Imårå…» seier me, då skal me få drikka kaffi, få tid til å koke komla og kose oss i hytteveggen.

Igjen kimar det i telefonar, klokka er 05:30! Kjetil som vanleg raskt på beina, fyrer i ovnen, kokar kaffi … herligt med slike morgondyr når ein er i heia. Me trekk lengre aust i dag, må ut mot «Fingrane» og kikra litt. Får heilt sikkert tid til litt kaffi og drøs der. Me kjem oss tørrskodde over elva, og sig opp mot eit fint utsiktspunkt, der me kan sjå dei fleste himmelretningar. Sett oss ned og kikre litt..

To minutt tar det før dyra er observert i kikkerten!

Og der borte, der vil det kome jegrar i løpet av dagen! Me har ingen tid å miste! Sale på og gampe i veg. Dyra er i bevegelse, dei beiter, men jaggu går det relativt kjapt likevel. Me ser såvidt i dyra når dei går gjennom eit skar, med må runde dei for å få rette drotten! Nye sjumilssteg! Me ser dei ikkje der me håpa… Me rekk ei skjeva og ein sjokoladebete, før me legg neste slagplan. Sig litt rundt i område, og så får Ravn dyr i nasen! Då er det bare å la Ravn og Steinar vise veg! Over 600 meter med perfekt overværs-arbeid av Ravn geleide oss rett på ein kvilande hope!

Igjen var Vikedølen god i stein/saks/papir, vel fortjent, det var jo bikkjå hans som fann «håledyrå». Me hadde aldri funne dei uten den nasen. Surre fast bikkjå i sekken og ålar oss innpå, Steinar først, eg kravlar ut mot «rømningsveien» til dyrå, i håp om at dei vil komme der etter Steinar har gjort jobben sin. Me er på kanskje 30 meter, og må syna oss for dyrå for å få skotsjans, i det Steinar bikkar rifle og hode over kanten for å få skytelinje, gryntar dyrå, dei har sett oss. PANG! ei røsslige gjeldsimla endestøytar, resten av dyra sett fart, følger det rette dyret med kikkerten, prøver ymse tiltak for å få dei til å stoppe opp, nyttaslaust. Dei er i god trav sørover. Med litt marginer kunne det fort blitt fleire dyr her. Men slik sett i etterkant var det kanskje lika greitt? Det skal jo bærast ned og …

Endeleg fekk me tid til komla!

Me var attende i hytta før 20! Og dermed vart det ein real komlemiddag i år og! Me hadde litt tankar om korleis dagen derpå skulle bli, med fire dyr og tre mann så vart det ein skikkeleg tur frå Steinkilen til Mostøl. Men me kom fram til slutt.

Skal det fortsetja slik må me kanskje søke om helikopter neste år … Eller kjøpa hest …

«Steinkilen er ikkje bare ein stad, det er ein tilstand» – klok mann

Takk for seg!