Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Viltkamera

HeaderViltkamera

For spesielt interesserte går det an å følge status på mine viltkamera på http://jakt.rekkehus.net.

Bilde over viser litt av fangsten så langt.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

No livnar det i liar… #hjort #sand

Nå er det dyr i liane. Rolfen gjekk rett på denne flotte 8-taggeren i dagens drev.

Såg mykje tråkk. Kjekt at dyra er kommet utover dalen 🙂

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Endelig kom an! #hjort #jakt

Etter x antall timar på leit, så kom denne bukken travande forbi meg på rundt rekna 20-30 meter, då var det ikkje anna å gjere enn å finne den i kikkerten og dra i avtrekket, og der låg an. Den hadde 5 taggar på eine sida, og seks på andre, så alt etter korleis du tel, så var det 11 eller 12 til saman 😉

 

20131113-212757.jpg

Hjorten kom i eit drev som starta fra ca. Hellandsstølen, og gjekk utover liane. Herligt.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakta så langt

Her kjem litt bileter og ord frå nokre av jaktturane eg har vert på til nå i år. Det har vert ein trå start slik fangstmessig, så me får satsa på at det tar seg opp nå som snøen kjem i høgheia og hjorten trekk heimover att.

Tur etter rådyrbukken

Den første jakta som startar er bukkejakta. Eg hadde to dagar der eg prøvde å finne ein bukk. Den fann eg ikkje. Det er i allefall ein fin sekstaggar som går heime, har hatt den i kikkerten to ganger, uten å få løyse skot på den. Foreløpig får den muligheten til å spre genene sine eit år til.

Småviltstart 10. september.

Då gjekk turen til Skardsheia, og overnatting i den nyoppussa Reskjellhytta. Me såg litt rype, og litt hare. Resultatet vart to knallhare og fire ryper, godt i gang med innsankinga til rypejulebordet.

Rypejakt i høgheia

Første helga i oktober hadde me ein herleg tur i Øvre Suldal. Me jakta rundt Kaldafjell og Nyastøl i fager natur. Såg eindel fugl, men dei var vanskelege å komme innpå, og været var særs basje. Så gale som det bare kan bli i høgheia i Øvre Suldal. Me snakke store mengder nedbør og stiv kuling med heftige saker i kasta. Tre fuglar vart med heim att.

Hjorten

Hjorten er man ute å sniker etter helst kvar helg. Det starta 01. september, og har gått slag i slag sidan. Det har ikkje blitt hjort enda, men det har vert observasjonar. Eg har hatt ei kolle på post, som var i fullt firsprang, og eg har fått eit rådyr ein tidleg morgon.

 

 

Kategorier
Bilder Jakt, fiske og friluftsliv

På utkikk etter hjort og rådyr

Det byrjar nærme seg slutten av jakta i år. Det er mange dyr igjen på kvota, så me var ein tur å såg i helga.

Eg starta dagen med å postere på ein relativt oversiktlig post! God sikt i fleire retningar, og hjortestiar som passerer like ved. Det snødde tett fra morgenen av, men letta litt etterkvart.

Utsikt fra området rundt første post for dagen
Utsikt fra området rundt første post for dagen

Vart sittande snaut to timar her, då begynte det å bli kjølig. Like ved posten her er det ein stor og fin hidler under ein kjempestein, kunne tatt med soveposen og ligget tørt og fint! Kanskje eit romjulsprosjekt?

Verken bikkjer eller folk hadde sett snurten av dyr. Me rusla heimover, fekk litt mat i skrotten og gjorde klart for ompostering.

På veg til post 2.
På veg til post 2.

Ein liten spasertur oppi lia ikkje langt fra huset heime var min andre post for dagen. Her er det også eindel stiar, men det var ingen ferske spor i dei. Planen var at det skulle komme nokre rådyr til min post, og hjort til to postar som satt høgare oppe. Men neida, bikkjene fekk ikkje snusen i noko som helst i dette drevet heller.

Ein dag utan å verken sjå dyr eller spor etter dei. Men eg er ikkje rådlaus! Eg skulle felle noko denne dagen, og det klarte eg! Bare sjå:

Fekk felt eit tre iallefall
Fekk felt eit tre iallefall

Det er blitt ein liten tradisjon med terassejuletre i Stavanger, og det må sjølvsagt hentast i «eigen» skog.

Juletre på plass i Stavanger
Juletre på plass i Stavanger

Då er det snart jul og ikkje så mange helger igjen før jakta er over.