Jul 202011
 

I helga var det duka for den etterkvart tradisjonelle turen med unge lovande Svandal og Happy Hunters! Etter ein del start-kluss, var me klar til å traske avgårde rundt kl 21:30 fredagskveld. Sidan me ikkje fekk båtskyss inn til Tengesdal, vart det til at me gikk fra Vågstunellen/Hylsskardet. Målet for turen var Nesflaten.

Les meir under filmen.

Fredag:

Det var ein basjen start, bratt og kratt. Etter ein kikk på kartet, så ser me jo at me starta på feil side av tunellen, men me kom oss greit opp til fjells der me gjekk og.

Gjekk opp Vargshidalen, og skar inn på stien mot Liastølen. Gikk så inn mot Fiskevatnet der me campa for natta. Fiskevatnet levde opp til navnet sitt, og det var eit forrykande liv uti der. Dog var det mykje småtteri, slik det ofte er når “fisk” er ein del av navnet til eit vatn.

Lørdag
Etter ein lang og fredelig formiddag, med fiske, sol og drøs var me klare for dagens etappe rundt kl 1500. Me sikta oss inn mot Steinbu og Kvannvatnet, og ville så følge det dalføret inn mot Nesflaten. Hadde ein fiske- og lunsjstopp ved Kvannvatnet før me seig vidare innover mot Svinstølen. Ved Svinstøl fann me ein meget idyllisk teltplass med utsikt mot Skaulen. Her var det bål, grilling, nakenbading og fisking i skjønn forening. Fekk nokre dråpar utover kvelden, så då blei det telthygge i Nalloen utover dei seine timane.

Søndag
Som dei morgenfuglane me er, så var me klar til avgang rundt kl 13:30 på søndagen! Fiska litt i Skaravatnet, fekk fin og sprek fisk. Så kom rosinå i pølså; Harrskor*, fantastisk utsikt over Suldalsvatnet. Me traff nesten på første forsøk. Gjekk i eit dualeg skårfeste, og måtte litt oppatt for å komme på rette platå. Kom oss ned til Nesflaten i femtida, der vart me plukka opp og kjørt ned att til bilane med Vågstunellen!

Takk for turen!

*På kartet står det Harrskor, men trur lokalbefolkningen kaller det Herskår.

Jul 262010
 

Siden leiligheten er solgt, var det på tide og investere i eit større telt. Etter særs gode anbefalingar frå Svandals store sønn, så falt valget på Hilleberg Nallo 3 GT. Etter å ha testa to netter, er eg så langt strålande fornøgd. Lett, særdeles romslig, gjennomtenkte løysingar og solid.

Den første testen var på plenen heime, men for og få ein litt betre test, pakka eg sekken og satte snuten mot Koldalstjødn.

Har lagt ut ein liten bilderapport. :)

Jun 292010
 

Me fann ut at me ville klatre litt i helga. Og kva er vel betre enn å kombinere det med telt, fisking og bading? Etter å ha lest litt på nettet, så ramle eg over informasjon om at Suldal Klyvarlag har bolta ruter i Gamlaskar! Då var jo valget enkelt, og me satte kursen heimover mot Sand!

Gjekk på generaltabben og ikkje sjå på ferjerutene, dermed kom me tre minutt for seint til Hjelmeland, og måtte slå i hel ein time og femten minutt der. Veit ikkje om kaffipausen på Statoil Tau var vert den ventetida. Blei litt skumringsvandring oppover, og ca 0130 var me på plass ved vatnet.

Freista fiskelukka på lordagsformiddagen, fekk på land ein fin (liten) pannefisk. Den beit på «Jungle Cock», for dei som er interesserte i slikt! Satte så kursen mot Stølsveggen, som låg like bak hytta. Fantastisk plass å bolte klatreruter. Lordagskvelden var det tid for fisking igjen og det regelrett kokte på vatnet,  fisken beit støtt og stadig. Den hogg til omtrent før sluken landa til tider! Moro! Men dog mykje småtteri som beit.

Søndagen gikk me inn til klatrefelt tre, Mjølkesteinveggen. Planen var Sartreveggen, men den gikk me rett forbi. Der kan me leike oss neste gang, for det blir garantert ein tur til opp dit.

Nydelig tur!

- Litt bilder finn du i albumet!
- Klatring i Suldal.

Nov 172009
 

Teltleir to ved Hiimsvatnet
Stakk inn til Sand fredag etter jobb. Olav reiste inn på torsdagen, og fekk dermed i oppgåve å finne første camp, medan det enda var dagslys. Far kjørte oss til Neikjen, og ca kl 2030 var me klare for avgang. Var eigentleg ganske bekmørkt, men klok som han er hadde Olav lagt første camp like ved stien, slik at me fann han ganske så kjapt.

Det var lite knusktørr og sjølvdauda ved oppi høgda, men me fekk nå til slutt lunk i eit lite koseleg camp-bål. Var stjerneklart og fin temperatur på fredagskvelden. Eg var ganske spent på korleis min sovepose merka med 5+ C ville klare seg gjennom natta, når gradestokken kraup mot null allereie før midnatt. Det viste seg å fungere særs fint, og me vakna jammen ikkje før klokka 11:00 på laurdagen. Olav sine formaningar om å utnytte dagslyset gjekk ikkje heilt som planlagt, men man er jo tross alt på fjellet for å samle krefter :)

Continue reading »