Dyrajakt 2019

Finndalen / Reinheimen

I år hadde eg eit kalvakort i Reinheimen. Tok med telt og gikk inn ein fredag etter jobb. Hadde ein liten kikringsrunde frå basecamp fredagen uten å sjå noko.

Fin utsikt og god stemning ved basecamp

Lordagsmorning starta jakta for fullt, me fann eit fint kikringspunkt og satt lenge utan observasjoner. Under forflytting til neste «post» spratt ei simle og to kalvar ut av steinrøysa og langa ut i stor fart oppover. Me gikk etter og fann dei att. Simla stakk avgårde, og igjen sto to forvirra kalvar. Me fekk kvar vår.

Reinsdyrkalv
Det er nå jobben begynner
Måtte feire fangsten med leiren!

Takk for turen Heier!

Dyraheio

Det vart tilbakelagt mange kilo- og høgdemeter i Dyraheio, men det var særs lite dyr å sjå.

Gikk inn fra Mosstøl via Kaldavassleite til Steinkilen. Skikkelig fint kikringspunkt, men intet å sjå.
Dagane vart brukt til speiding i fin natur, men lite dyr.

Dyreheio er flott både med og uten dyr. Og heilt børalause vart me ikkje. Det vart eit dyr fordelt på fem jegrar, så usikker på om me egentleg fekk børa oss, det er eit definisjonsspørsmål 🙂 Og det var bare ein av fem som var i dei(t).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *