I helga var det duka for den etterkvart tradisjonelle turen med unge lovande Svandal og Happy Hunters! Etter ein del start-kluss, var me klar til å traske avgårde rundt kl 21:30 fredagskveld. Sidan me ikkje fekk båtskyss inn til Tengesdal, vart det til at me gikk fra Vågstunellen/Hylsskardet. Målet for turen var Nesflaten.
Les meir under filmen.
Fredag:
Det var ein basjen start, bratt og kratt. Etter ein kikk på kartet, så ser me jo at me starta på feil side av tunellen, men me kom oss greit opp til fjells der me gjekk og.
Gjekk opp Vargshidalen, og skar inn på stien mot Liastølen. Gikk så inn mot Fiskevatnet der me campa for natta. Fiskevatnet levde opp til navnet sitt, og det var eit forrykande liv uti der. Dog var det mykje småtteri, slik det ofte er når «fisk» er ein del av navnet til eit vatn.
Lørdag
Etter ein lang og fredelig formiddag, med fiske, sol og drøs var me klare for dagens etappe rundt kl 1500. Me sikta oss inn mot Steinbu og Kvannvatnet, og ville så følge det dalføret inn mot Nesflaten. Hadde ein fiske- og lunsjstopp ved Kvannvatnet før me seig vidare innover mot Svinstølen. Ved Svinstøl fann me ein meget idyllisk teltplass med utsikt mot Skaulen. Her var det bål, grilling, nakenbading og fisking i skjønn forening. Fekk nokre dråpar utover kvelden, så då blei det telthygge i Nalloen utover dei seine timane.
Søndag
Som dei morgenfuglane me er, så var me klar til avgang rundt kl 13:30 på søndagen! Fiska litt i Skaravatnet, fekk fin og sprek fisk. Så kom rosinå i pølså; Harrskor*, fantastisk utsikt over Suldalsvatnet. Me traff nesten på første forsøk. Gjekk i eit dualeg skårfeste, og måtte litt oppatt for å komme på rette platå. Kom oss ned til Nesflaten i femtida, der vart me plukka opp og kjørt ned att til bilane med Vågstunellen!
Takk for turen!
*På kartet står det Harrskor, men trur lokalbefolkningen kaller det Herskår.