Me såg storbukkjen først, på ca 400 meter, den sto staut og viste seg fram i himlaleitet! Kjetil trudde først eg tulla, og ville ikkje leggja seg ned, men bråttom innsåg han alvoret og slang seg på magen!
Me gøymde oss bak ein stein og tenkte; kva i alle dagar var det der? Kva gjer me nå? Kan me skyta bukk? Var det ikkje slik at alt var lov siste helga? Den kan jo ver ganske ung sjølv om den er stor. Me har jo ungdyrkort.
Me ligg og ser litt på an, ganske lenge egentlig. Eyyhh, ka var det? Det var meir bevegelse bak ein stein. Er det fleire bukkar? Er det ungdyr? Er det simle? Gudane veit, de har jo hådn alle! Ein krulle er det iallefall! Me må gjera noko. Ein kjapp analyse av drotten og målingar med laserverktøyet til Kjetil viser at neste haug er innen rekkevidde, og kan være på skothald. Me gjer retrett og forsøker å rykke framover.
Vel framme på neste knaus må me brått slenga oss på magen, og bli liggande, lenge, det ser virkelig ut som gamle reidn har fatta mistanke om noko humbug i vår retning. Kjetil og meg dett ihop i den tilfeldige stillingen me var i, og blir liggande som to idiotar midt i berrljoset.
Jækla tålmodig gammal reidn. Står og stirrar rett på oss. Me stirrar tilbake, og til slutt vinn me den kampen, han snur seg rundt og later som ingenting; Dei tullingane der kan ikkje være noko farlige, tenkte han nok. Me vågar endelig å røre på oss, og søker tilflukt bak ein stein.
Me har fortsatt eit dalsøkk og eit vatn mellom oss og dyra, dei legg seg til med verdas vidaste utsikt, og vinden bak seg, slik at dei kan ta dødretningen med nasen. «Smarte dyr jo», seier Kjetil, mens me leitar djupt i taktikkskuffå. Smarte kan dei ver, men nå ska me jaggu «out-smarte» dei … Bare tenke litt først … Har dei i sikte, men det er rundt 250 meter bort, for langt.
Kva ville gamle Jon gjort?
«Det er dei late jegradn som får dyr»
… Minnest eg han fortalde ein gang. Så me gjere som han sa, og ventar.
Ventar … Ventar … Ventar … Ventar …
Der ja, dei reiser seg, byrjar beite litt. Korleis skal me angripa dette nå da? Fortsatt 250 meter bort. Me må nærmare.
Bråttom snur dyrå seg med rauå mot oss og forsvinn litt bak kanten. Ja, me må ikkje miste dei nå.
«Er det på tide å gå all-in?»
Seie afghanistan-krigaren! Eg tjenestegjorde i toppidrettstroppen på eit vaskeri på Madla, men skjønar likevel at nå, nå er øyeblikket kommet, så eg nikkar;
«All-in ja!»
Me krumspring ned bakken, rundar vatnet, og klemmer oss inntil foten av fjellet. Dyra er på toppen av bakken (håpar me, mista dei av synet når me bestemte oss for all-in taktikken). Snik oss opp eit skar, Kjetil til venstre, eg til høgre. Me bestemmer oss for å skyte så fort ein skotsjans byr seg, Kjetil skal skyte mot venstre, eg mot høgre. Taktikken er enkel og god.
Me nærmer oss toppen! Her var det dei var, dei kan være rett bak bakketoppen der! Drotten er på lag! Eg ålar meg opp, reiser hodet så forsiktig eg kan over toppen for å kunne sjå kva som er der!
WÆÆÆÆ! eg stirrar eine dyret rett i kvitauge, på maks ti meter, full retrett ned på magen!
FØØKKK! der var det gjort tenker eg, og prøver å formidle det til Kjetil uten å lage lyd, og uten bevegelse. Me ventar litt til. Okei. Me håpar det unge dyret aldri har sett folk før, og ikkje har sagt noko om det han såg til dei to andre. Me rykke forsiktig framover.. Me ålar oss oppover, ser ingen dyr.. Går litt sånn samankrøpet vidare.
FØØKKK 2! Ser storbukkjen, den fekk vèr av oss! Og spring! Ned på magen, finn den i sikte, men det går alt for fort. Arrrrghhh! Eller samma det, skal jo ikkje skyta bukk uansett.
Vent, ser noko i dødvinkelen, vrir hovudet, der står det jo to dyr på 50-70 meter!
BAAANG! Dyret endestøyta! Det andre forstår lite, spring etter gamle-bukkjen. Stoppar plutselig og ser seg attende.
BAAANG! kjem det frå gamle-sakoen til Kjetil, og dyr to stupar også i bakken.
Eg skaut mot venstre, Kjetil skaut mot høgre. Omtrent slik me planla det.
Nå begynner arbeidet.. Korleis var dette her igjen. Var det best med dyret på høgre eller venstre side, trenge me knyta endetarmen på dei? Har me strips? Kor pokker kan me henga dei opp? Søkte du om helikoptertransport? Neida, i sekkjen med dei og 16 km attende til bilen.
Som dei ville sagt litt lenger oppi dalen, og som Strekaren så godt illustrerte det:
«Me var i dei, og ja da, me fekk nå børa oss»
Eg gav dykk den litt lengre forteljinga.