Skip to content

Stikkord: happy hunters

Dyrajakt 2016

Me såg storbukkjen først, på ca 400 meter, den sto staut og viste seg fram i himlaleitet! Kjetil trudde først eg tulla, og ville ikkje… les meir

Lysefjorden rundt (på langs)

Langhelga før sjølvaste nasjonaldagen la me i veg, og hadde ein plan om å gå Lysefjorden rundt i løpet av dei fire dagane me hadde… les meir

Årets jakttur på Suldal Statsalmenning

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.

Årets første jakttur

Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg 🙂

Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær 🙂

Pøylånå 2010

Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under… les meir

Fisketur Vasstøl og Velavatn

Onsdagskveld rundt klokka 22 starta eg og Olav turen fra Vela, her er det rett til himmels dei første 600 høgdemetrane, når me kom oss… les meir

Isfisketur til Ullsvatnet

Vestlandsvinteren viser seg frå si aller beste side no i byrjinga av 2010. Denne helga var intet unntak. Eg og Ingve kom oss relativt tidleg… les meir

Jakt Suldal Statsalmenning, Krossvatn

Me stakk inn til Sand torsdags-ettermiddag, lynklare for jakt. Det vart mørkt før me kom inn, så me hadde ein liten pitstop på Sand. Fredagsmorgon… les meir