Dagane vert lysare, sevja stig, Brann leiar serien og landets partsvensker trekk ut frå bananfabrikkane til uteserveringane i landets større byar. Alle sikre vårteikn seier du – jepp, men et endå sikrare er vinterens mest krevjande uvyrdslalom – Snønuten Open!

Tradisjonen tru er det tid for rennleiarens vurdering av rennet og årets deltakarar, som vanleg på eit nynorsk som ville fått Ivar Åsen til å kvela seg sjølv med ein langeleikstreng.

Sist gong det var tilsvarande snømengder i dei lågare områda av Suldalsheiena som i år, var Drillo landslagstrenar, Sigbjørn Johnsen finansminister og det hadde nett vore avholdt eit lite skimeisterskap på austlandet ein stad. Det kan kjennas fjernt – og det er det og, 1994 var året og eg hadde akkurat avslutta ei veke på leirskule på Gullingen. Kor mykje snø som ligg på Mostøl og Snønuten er eg ikkje 100% sikker på – men truleg meir en nok for å avholda renn på tross av ein rekordsein påske. Sjansane for godt ver er og større i år når me skriv slutten av april, og forhåpentlegvis kjem me oss til topps i år for første gong på nokre sesonger. Om me skal ha intervall start eller Kinesisk utfor har vorte eit debattert tema, men sidan Hans Magne ikkje har evna og få til ein spørjeundersøking som fungerer på nettstaden sin, er dette eit foreløpig opent spørsmål (* red anm. Dette er reinspikka brukarfeil frå rennsjefen, pollen ligg i høgre-kolonna og viser foreløpig solid leiing til intervall-start). Rennleiaren heller imdlertid mot intervallstart også i år.

Kven skal ein så setja dalerane sine på i denne 9 utgåva av rennet vårt? Olav Ø er kanskje min største favoritt. Etter fleire månader med pukkelpist og issvullar i pudderparadiset Dengelberg er nok han den med flest skidager i beina, og det beste utgangspunktet. Steinar er SNOs mestvinnande og alltid i favorittsjiktet, men kanskje blir dette året hans fyrste nederlag? Yalla er som vanleg ein outsider, men med ein stabilitet som Lars Berger er det ikkje godt å sei om det blir første eller siste plass. Kjetil H kan me nok avskriva ettersom han nok nærmar seg ein langt fremskreden psykose etter å ikkje ha sove sidan 1 juledag. På jentesida er nok Mari ein klar favoritt, men Synnøve kan og overraska i år. Ryktene seier at Synni faktisk har flytta til Nesflaten for å forberede seg til rennet i nærområda, og er observert i heftige klyv oppover Bråtveitsheiane. Elles er det vanskeleg å spå i år – lite informasjon tilgjengeleg om andre deltakarar, men kanskje dukkar det opp ein svart hest frå aust eller vest? Spanande vert det uansett!

Langfredag brakar det laus med nummertrekking og utpsyking kl 2000 på Mo Slaskegard, og avreise som vanleg frå Suldalsosen kl 0900 på laurdag. Banketten er som vanleg på Mo, og dei som har lyst å være med på dette og som ikkje skal stå på ski må leggja igjen ein beskjed under her, slik at Bjørn får skutt nok villsau.
Då er det bare og ynskja velkommen til vinterens vakraste eventyr – ta med ein venn og møt opp!

//Rennsjefen

 


Bedre seint enn aldri :)

Sjå bildene Mari knipsa under vårens vakraste eventyr!

 

Mari gir gass
Til helga byrjar heisane surra i Røldal! Endeleg er vinteren her, og “vekependlinga” til Røldal startar!

Men me var noko utolmodige, og når snørapportane varsla om 45 cm frisk og fin snø forrige helg, klarte me ikkje vente lenger og sette snuten mot fjellet.

Ein liten bilde-rapport fra sesongens første smak av snø!

 

banner_krossvatn

Me stakk inn til Sand torsdags-ettermiddag, lynklare for jakt. Det vart mørkt før me kom inn, så me hadde ein liten pitstop på Sand. Fredagsmorgon kl 06:00 var me klare for avgang.

Fredagen var det eit fortreffeleg ver, og lite snø, så me freista å køyre inn til Skreivass-dammen (yr.no hadde tross alt meldt regn og plussgrader både lordag og søndag).  Me såg fleire ryper på turen inn til dammen, og jegerane vart særs optimistiske!

Traska innover mot Krossvatn turisthytte for å sette frå oss bagasjen. Kun minutt etter at me bestemte oss for å spre oss, og lade haglene, small det frå saudabuen si hagla. Ei einsleg rype datt pladask i bakken, fantastisk start. Me spreidde oss utover eit ganske stort område, eg følgde stien innover. Etter ein dryg halvtime, gjekk eg på tre ryper, to av dei enda i sekken. Kjetil og Gjermund fekk og kvar si rype før me kom fram til Krossvatn. Gjermund var rett og slett supastoka (som ein ekta snøbrettkøyrar ville sagt) når han kom fram. Sette frå oss sekkane og fekk ein kaffitår før me traska ut att.

Eg, Knut og Ingve gjekk i retning Nøvlanuten, medan Kjetil, Gjermund og Cato gjekk andre vegen. Olav og Anders stakk opp på onsdagen, så dei hadde me enda ikkje sett snurten av. Veret var fortsatt aldeles strålande, vindstille, skyfri himmel og snødekt landskap. Tru ikkje det kan bli så mykje betre enn det. Eg og Ingve såg ein stor stegg me prøvde å lure oss innpå. Den satt som kongen på haugen, og hadde full kontroll på oss. Ikkje skothald. Etter dette såg me tre fuglar, samt ein stor flokk på 30-40 ryper, men ingen på skothald.

Lordagen våkna me til tett snøver, men forholdsvis mildt og lite vind. Så eg og Knut la avgårde, etter ca 20 minutt gjekk me på ein stor flokk på rundt 20. Knut fekk to, og eg fekk ei. Mi landa sjølvsagt utpå eit lite vatn, så eg fekk verkeleg testa impregneringa på sko og bukse. Festa buksa rundt skoa med litt ducktape, så fungerte  det utmerka å vasse til låra i vatnet. Etter dette følgde me ein flokk på ca 10 ryper innover fjellheimen. Knut fekk has på fire i denne flokken, eg fekk ikkje skothald. Ikkje lett å halde følgje med sjumilsstøvlane til Knut i knedjup snø. Dei andre fekk ikkje skothald denne dagen.

Søndagen var me tidlig oppe for å komme oss ned i rimeleg tid. Sterk vind, og snøver gjorde sitt til at turen tok noko lengre tid enn normalt. Me såg for oss ein heller strabasiøs tur med mykje graving og spadebruk for å få ned bilane. Når me bikka over kanten ned mot vegen, så var den ny-brøyta.  Sitat Kjetil: «Eg har aldri vore så glad for å sjå ein John Deere før».

Totalt 11 ryper på 8 jegerar, med fordelinga 6, 3, 1, 1, 0, 0, 0, 0. Ei fantastisk helg alt i alt :) Nokre medlemskap i IRRVF (Indre Ryfylke Rypevernforening) lev farleg, og med seks fulltreffarar, står Knut verkeleg i fare for å ikkje få godkjent opptaksprøven.

Bilete finn du i fotoalbumet.

 

EYES WIDE OPEN from Field Productions on Vimeo.

 

Fant ut at Picasa 3 hadde ein morsom slideshow-funksjon. Dette er bare ein kjapp test for å sjekke om wp-pluginen funker som den skal, derfor er filmen komprimert ein heil del.. Så kvaliteten er ymse.
[video filename=http://hansmagne.com/wp-content/uploads/2009/05/slideshow-vinter0809.flv /]

© 2011 Yallaveven - Hans Magne Helland Suffusion theme by Sayontan Sinha