Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Melands Grønahei

I helga trossa med dystre vermeldingar og hissige vergudar, og stakk til fjells. Målet var Turistforeninga si hytte på Melands Grønahei.

Starta fra Kleivaland i shortstemperatur og opphaldsver, men det varte ikkje så lenge! Etter ein times tid åpna slusene, og vinden vart slått på full styrke, type motvind! På med regnkler og fjellduk. Turen opp tok nesten fire timar, i nydelig omgivelsar. Ein relativt lettgått tur utan bratte stigningar. På Melands Grønahei er alt rett og slett grønt, spesiellt terreng, og har du ikkje vert der, så bør du ta deg ein tur!

Las forteljingar om stor fiskelykke (og stor fisk) i hytteboka, men mine forsøk var resultatlause, trur eg fiska i feil vatn..

Me kom fram til ei tom hytta, og hadde heile lordagen og søndagen for oss sjølv, og dette midt i fellesferien. Legg ikkje folk ut på tur utan at sola skin?

Litt bilder fra turen finn du i albumet.

Tracka turen heim med Nokia Sportstracker:

Distanse: 13.7 km, Tid: 3t og 11min, Gjennomsnittfart: 4.3 km/t

Imponert over GPS-følsomheten til telefonen, låg oppi sekken i vanntett pakkpose, men hadde likevel gps-dekning. Thumbs up!

Detaljer hjå Nokia Sportstracker.

Kategorier
Ski

Røldalspudder

Mari gir gass :)Det var som kjend meldt om enorme snømengder i dalen ila helga. Og det kom mykje snø på fredag, kjørte i 15-20cm nysnø på ubrøyta vei opp Bratlandsdalen 🙂

Lordagen var stolheisen, førsteheisen og toer-heisen open. Me haldt oss i skogen, og der var det fint 🙂 Søndag vart det litt for mildt, og snøen vart tung utover dagen. Men ei kanonhelg med mykje bra skogskjøring 🙂

Torsdag er det avgårde til alpeland, det er forventet påfyll av ferskvare der nede tidlig neste veke, så dette kan bli rektig så kanonbra!

Aufwiderskien!