Eg og Olav pakka telt- og toppturstasj og kjørte så langt bilen kom. Mads, Martine, Espen og Frode kom opp morgenen etter og blei med til Monsaskukken. Det var så fint der oppe, at Olav og eg også tok ein ettermiddagstur oppom Mælen. Så det vart særs mykje fin kjøring på ein dag!
Den etterkvart så tradisjonsrike RFJ var avholdt for fjerde eller femte år på rad i dag. Det var ganske kaldt og hardt, men me fann nå litt fin snø på Midtnuten ![]()
Eg og Mari var på ein særdeles bra tur til Hegerlandsnuten på Søndag. Steikande sol og dønn vindstille. Nedkjøringa blei ganske seint på ettermiddagen, så me fekk fint slusjføre fra topp til bunn. Toppa heile opplegget med å bade i elva i Brattlandsdalen etterpå. Der er eg ganske sikker på at det var ca minus tusen grader!
Dette var i utgangspunktet planlagt som ei «asfalthelg», men når søndagen kom, så kom snøabstinensene også. Derfor tok me ein kjapp ettermiddagstur til Storeknuten på 1055 moh i Hunnedalen. Det var ein rask og fin ettermiddagstur på blanda snøforhold. Avblåst og hardt på toppen, litt meir slushy mot botn.
Hadde ein kanonfin cruisetur fra Reinsnuten i dag. Fortsatt eindel snø igjen, men minkar fort i varmen: