Resultater Snønuten Open 2009 *update
Apr 13, 2009 Ski, Snønuten Open
Bjørke sendte over nokre bilder! Sjå i albumet!
Då var årets happening gjennomført
Alle kom ned heilskinna! Vart ein noko amputert trasé, pga særs sterk vind og tåke på toppen så måtte me trekke starten noko ned.. Det var tett i toppen, med kun 11 sekund mellom dei tre første!
Skal få slengt ut litt bilder når dei er klare!
Tags: afterski, Øl, hygge, Mat, Ski, skog, slusj, snø, Snønuten Open, SNO, tur, vinter
Informasjon om Snønuten Open 2009
Mar 2, 2009 Ski, Snønuten Open
“Her må koma ei tid, då kver som på nokon måte kan dreg til fjells, då sjukingar reiser hit istadenfor til desse bad, og då bleiksottige bydamer, desse cultur-krøkkjer, fara herup for å venja seg til å vera folk.”
Dette skreiv Åsmun Olavsson Vinje i 1862, og me har i over eit halvt tiår prøvd å leva etter dette motto. Gjennom å invitera ulike fjolls til fjells for den høgst uoffisielle skileiken “Snønuten Open”, har både gamle og unge deltakerar fått muligheit til å komma seg til fjells, og venja seg til å vera folk.
På tross av instendige oppmodingar frå Sand/Suldal Røde Kors (som ikkje ynskjer å setja karsken i vrongstrupa denne påskeaftan), blir det ei samling for dei vanlige inviterte deltakerane i år også. Ein god tradisjon må haldast i hevd, og så lange alle tek vare på seg sjølv og kvarandre bør det gå bra!
Som bankettansvarlig hadde det vore greit å få eit nokonlunde overslag på antallet bankettdeltakerar. Vil du vera med på banketten, er det derfor fint om du skriv ein kommentar i feltet under. Det må og utpeikas/velges ny rennsjef, då den forrige rennsjefen måtte ta hatten å gå etter grove beskyldninger om manglande sikkerhetsopplegg i SNO08. (Etter en fysisk og psykisk reaksjon på mediakjøret som fulgte er han no tilbake i ein meir tilbaketrukket rolle som bankettansvarlig).
Me snakkes påskeaften!
Tags: alkohol, bankett, hygge, Mat, Prestisje, skog, slusj, snø, snønuten, Snønuten Open, SNO, Vinmonopolfart, vinter
Serre Chevalier – Nyttårsalpeturen
Jan 5, 2009 Ferie og reiser, Ski
Me hadde som vanleg ubeskriveleg flaks med både lokasjon og snøforhold! Tidenes sesongstart
Kom minst 50 cm freshe mens me var der, med strålande solskinn dei neste dagane! Bedre kan det ikkje bli.
Serre Chevalier hadde utrolig flotte (og lett tilgjengelige) fjell, og ei heilt fantastisk skogskjøring! Kan absolutt anbefalast
Lite kamp om godsakene var det og.
Har lagt ut litt bilder i albumet:
- 2008/desember
- 2009/januar
- 2009/januar/Serre Chevalier by Mr Fister
- 2009/januar/Serre Chevalier by Christer
Tags: alpene, hygge, nyttår, pow, powder, pudder, Ski, skog, snø, snorkel, vinter
Røldalspudder
Feb 25, 2008 Ski
Det var som kjend meldt om enorme snømengder i dalen ila helga. Og det kom mykje snø på fredag, kjørte i 15-20cm nysnø på ubrøyta vei opp Bratlandsdalen
Lordagen var stolheisen, førsteheisen og toer-heisen open. Me haldt oss i skogen, og der var det fint
Søndag vart det litt for mildt, og snøen vart tung utover dagen. Men ei kanonhelg med mykje bra skogskjøring
Torsdag er det avgårde til alpeland, det er forventet påfyll av ferskvare der nede tidlig neste veke, så dette kan bli rektig så kanonbra!
Aufwiderskien!





