Eg og Olav pakka telt- og toppturstasj og kjørte så langt bilen kom. Mads, Martine, Espen og Frode kom opp morgenen etter og blei med til Monsaskukken. Det var så fint der oppe, at Olav og eg også tok ein ettermiddagstur oppom Mælen. Så det vart særs mykje fin kjøring på ein dag!
Johnny Karlsen knipsa mykje flotte bilder fra toppen av Snønuten under vårens vakraste eventyr Snønuten Open 2012!
Klikk deg vidare for å sjå alle bildene!
Continue reading »
10 år med psykologisk krigføring, sure lår og varme bèr
Georg Bush bestemmer seg for ein kjapp intervensjon i Irak, Idi Amin og Rolf Kirkvaag parkerte tøflane, Ravi dansa oppå bordet, Peter Jackson stakk av med alle Oscar-pokalene, Belgia anerkjenner kjønnsnøytrale ekteskap, og evolusjonsteorien får eit skot for baugen då Ari og Martha vert foreldre. Alt dette skjedde i 2003 – det gjorde også den fyrste utgåva av skirennet Snønuten Open.
Det starta forsiktig med 10 deltakarar fyrste året, men vaks rask og stabiliserte seg på midten av 2000-talet med 20-30 deltakarar frå fjern og nær. Nå har rennet vore arrangert i 10 år og feirar sitt fyrste store jubileum påskeaftan 7. april.
Rennet har i alle år vore prega av konkurransenervar og beinhard rivalisering i dagane før, og ikkje minst på vei opp til topps. Framleis – like sikkert som Aslak sitt hare-hjerte på toppen, er at gleda over å være ferdig med 10 minutt i hockey overskuggar alle ambisjonar etter målgong. Den siste spenninga over koss det eigentlig gjekk forsvinn normalt ein plass mellom stampen og den første jægerkaffien, og når vinnaren heidras utpå kvelden – unnar dei fleste han/ho dette utan sure miner (med unntak av det mørke kapitelet i SNO-historia då ein Saudagut vann pokalen..)
Det har vore mange milepæler i SNO-historia. Skulle ein trekka fram nokon spesielle vil nok desse vera høgt på lista:
- Rekordtida til Steinar frå 2005 på 08:23. Aldri har nokon køyrd raskare ned frå Snønuten.
- Rekordtida til Arne på 47:28 i 2004. Aldri har nokon deltakarar køyrd seinare ned frå nuten utan eit betydelig fysisk handikap.
- Banketten i 2008 då ein alpinist frå Sauda fekk skuldra ut av ledd då han forsøkte å bryta seg inn på do gjennom eit litt for lite vindauge.
- Rennet i 2008 då Synnøve vart litt ivrig og køyrde ned på feil side av nuten og blei henta av den alpine redningsgruppa i Rogaland.
- Åse Marie sin damerekord på 12:23 frå 2011 (7 sekund raskare en Lise frå 2004)
- Kjetil som drog i land den fyrste heimesigeren i 2007
2012 utgåva av SNO vert uansett ein milepæle. Me satsar på rekordstor deltaking, bankett med livemusikk og forhåpentlegvis ein rettmessig heimesiger. Det vert som vanleg trekking av startnummer fredag kl 20:00 – følg med på yallaveven for sted. Oppmøte for sjølve rennet vert på Osen kl 09:00 og avmarsj frå Mostøl ca 10:00 laurdag morgon. Stampen på Mo er klar frå 18:00, middag serverast 20:30 og dørene opnar kl 21:00 for alle.
Vel møtt og lukke til!
NB: Lurer du på kva mitt tips er i år?
- Hans Magne Helland
- Olav Øvstebø
- Lars Bjørke
Kven trur du?
//SNO-Generalen
Den etterkvart så tradisjonsrike RFJ var avholdt for fjerde eller femte år på rad i dag. Det var ganske kaldt og hardt, men me fann nå litt fin snø på Midtnuten ![]()
Eg og Mari var på ein særdeles bra tur til Hegerlandsnuten på Søndag. Steikande sol og dønn vindstille. Nedkjøringa blei ganske seint på ettermiddagen, så me fekk fint slusjføre fra topp til bunn. Toppa heile opplegget med å bade i elva i Brattlandsdalen etterpå. Der er eg ganske sikker på at det var ca minus tusen grader!
Dette var i utgangspunktet planlagt som ei «asfalthelg», men når søndagen kom, så kom snøabstinensene også. Derfor tok me ein kjapp ettermiddagstur til Storeknuten på 1055 moh i Hunnedalen. Det var ein rask og fin ettermiddagstur på blanda snøforhold. Avblåst og hardt på toppen, litt meir slushy mot botn.