Kategorier
Ski Snønuten Open

Generalens skriblerier om Snønuten Open 2011

Dagane vert lysare, sevja stig, Brann leiar serien og landets partsvensker trekk ut frå bananfabrikkane til uteserveringane i landets større byar. Alle sikre vårteikn seier du – jepp, men et endå sikrare er vinterens mest krevjande uvyrdslalom – Snønuten Open!

Tradisjonen tru er det tid for rennleiarens vurdering av rennet og årets deltakarar, som vanleg på eit nynorsk som ville fått Ivar Åsen til å kvela seg sjølv med ein langeleikstreng.

Sist gong det var tilsvarande snømengder i dei lågare områda av Suldalsheiena som i år, var Drillo landslagstrenar, Sigbjørn Johnsen finansminister og det hadde nett vore avholdt eit lite skimeisterskap på austlandet ein stad. Det kan kjennas fjernt – og det er det og, 1994 var året og eg hadde akkurat avslutta ei veke på leirskule på Gullingen. Kor mykje snø som ligg på Mostøl og Snønuten er eg ikkje 100% sikker på – men truleg meir en nok for å avholda renn på tross av ein rekordsein påske. Sjansane for godt ver er og større i år når me skriv slutten av april, og forhåpentlegvis kjem me oss til topps i år for første gong på nokre sesonger. Om me skal ha intervall start eller Kinesisk utfor har vorte eit debattert tema, men sidan Hans Magne ikkje har evna og få til ein spørjeundersøking som fungerer på nettstaden sin, er dette eit foreløpig opent spørsmål (* red anm. Dette er reinspikka brukarfeil frå rennsjefen, pollen ligg i høgre-kolonna og viser foreløpig solid leiing til intervall-start). Rennleiaren heller imdlertid mot intervallstart også i år.

Kven skal ein så setja dalerane sine på i denne 9 utgåva av rennet vårt? Olav Ø er kanskje min største favoritt. Etter fleire månader med pukkelpist og issvullar i pudderparadiset Dengelberg er nok han den med flest skidager i beina, og det beste utgangspunktet. Steinar er SNOs mestvinnande og alltid i favorittsjiktet, men kanskje blir dette året hans fyrste nederlag? Yalla er som vanleg ein outsider, men med ein stabilitet som Lars Berger er det ikkje godt å sei om det blir første eller siste plass. Kjetil H kan me nok avskriva ettersom han nok nærmar seg ein langt fremskreden psykose etter å ikkje ha sove sidan 1 juledag. På jentesida er nok Mari ein klar favoritt, men Synnøve kan og overraska i år. Ryktene seier at Synni faktisk har flytta til Nesflaten for å forberede seg til rennet i nærområda, og er observert i heftige klyv oppover Bråtveitsheiane. Elles er det vanskeleg å spå i år – lite informasjon tilgjengeleg om andre deltakarar, men kanskje dukkar det opp ein svart hest frå aust eller vest? Spanande vert det uansett!

Langfredag brakar det laus med nummertrekking og utpsyking kl 2000 på Mo Slaskegard, og avreise som vanleg frå Suldalsosen kl 0900 på laurdag. Banketten er som vanleg på Mo, og dei som har lyst å være med på dette og som ikkje skal stå på ski må leggja igjen ein beskjed under her, slik at Bjørn får skutt nok villsau.
Då er det bare og ynskja velkommen til vinterens vakraste eventyr – ta med ein venn og møt opp!

//Rennsjefen