Tradisjon tru, tok me årets fjellcharter i vakre Suldalsfjell. Ein liten rundtur med utgangspunkt og målgang i Sandsaosane.

Fredag

Me starta fra Sandsaosane rundt 20:00 i lettskya ver, etter ein time og halvanna så var me på plass ved den store Sandsahytta. Her var det ikkje så mykje folk. Ein vertskapsfamilie, samt fem til. Olav var venta i løpet av kvelden/natta. Planen var at me skulle låne båten, og hente han på andre sida. Men tett tåke og lite mobildekning førte til at eg og Ingve tok ein rundtur på vatnet når me såg nokre lys i enden. Men me fann aldri Olav, og han måtte derfor ta beina fatt og gå i mørket langs vatnet. Rundt 0130 var han trygt stasjonert på hytta.

Lordag

Våkna til eit fantastisk ver. Nysteikt brød, kaffi og sløving på terassen, før me satte kursen straka vegen mot himmels. Fulgte Valåna opp til fjells, og runda Snønuten ned mot Svinstølen. Hadde ein lengre bade-, fiske og lunsjstopp ved Litletjørn (like ved Svinstølsvatnet). Labba vidare via Fagerstøl. I Stranddalen hadde me reservert lavvoen, og me kom fram dit i sekstida på ettermiddagen. Glad me hadde lavvoen, for det var folksomt i Stranddalen. Etter eit herlig avkjølande bad var det klart for turens høgdepunkt. Tre-retters middag, vin og øl. Fekk servert ein fantastisk middag; spekespyd, svinekam og dronning maud. Farlig med “et så mykje du vil” etter ein dags vandring. Etter middagen var det bare å nyte solnedgangen i hytteveggen. Og når sola gikk ned på Stranddalshytta, gikk me opp på nabostølen, og fekk nyte litt til før sola forsvann bak fjella.

Søndag

Atter ein dag med knall blå himmel, blir ikkje betre. Me tok ein rolig formiddag, med lang frokost, kake og kaffi før me begynte å tenke på å labbe vidare i ett-tida. Dette i motsetning til dei aller fleste andre der oppe. Før klokka 10 var det folketomt, folk stressa rundt som høner og hadde det så travelt med å komme seg avgårde til byens tjas og mas at ein nesten blei stressa av å sjå på. Dette var ein av dei finaste dagane til nå i år, og alt dei tenker på er å komme seg ned til bilane før klokka har blitt 12.

Me gikk “Napen-ruta” tilbake til bilane, første fiskestopp i Øystastranddalen. Her er fisken bitevillig og innimellom er den feit og fin. Guttane fiska, og Mari las bok i lyngen. Idyll. Etter ein lengre fiskestopp gikk me vidare, passerte Napen i fine klyv, og tok lunsjen ved Lånene. Fantastisk utsikt og ein særs fin plass for kaffi og skjeva. Nedover lia var det mykje molter, og me stappa i oss dei som var blitt modne. Vel nede ved bilane i seks-tida. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Sandsavatnet. Reine, fine og fornøyde kjørte med dei 10 mila attende til byens kjas og mas.

Middagen i Stranddalen var atter ein gang turens høgdepunkt!

Takk for turen!

 

Reinsnuten i 2009

Palmehelga (16. april) blir det igjen høcking og leiking i Reinsnuten Freeride Jam! Bli med og leik!

Snøforholda i år skal vere ekstraordinære! Så det er bare å glede seg!

Bilder 2009
Bilder 2008

 

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.
Continue reading »

 

Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under på det (les; sviddhud.com).

Fisken beit til tider, men den beit desidert mest på ein spesiell sluk, denne sluken tok ni fisk, medan resten av slukane tok ein. Lurer du på kva sluk det var? Då kan eg informere deg om at det er ein godt bevart hemmelighet. Den canadiske bekkerøya er ein forteffeleg matfisk, knallrød i kjøtet, og smakar snadder. Litt slappare i fisken enn auren når du får den på kroken, så ikkje så godt å bedømme størrelsen før du ser den i vatnet. Me fekk ikkje overflod med fisk, men nok til å halde oss mette. Trur me skremte vekk eindel med plasking og bading i adams drakt ;)

Alt i alt, så er vel dette eit paradis for ein fiskar, stryk, kulpar og småvatn så langt auge ser! Me kjem att for ein ny Pøylånå-festival neste år!

Ellers er det vert og nevne at det var veldig mykje lemen, så rypejakta kan bli fin på statsalmenningen i år :)  Observerte både rype, hare og røyskatt på turen. Og i tillegg observerte me ein fining som nett hadde dratt i land ein feit fisk i eit lita tjødn når me var på veg heimover, her blir det nok ein liten rast neste gang :)

Bilder i albumet!

 

 

18 – 22. Juni tok me turen til Sysendalen i vakre Hardanger. Strålande helg, med god fiskelukke for nokon. Det blei vel bevist at fisking ikkje kun er flaks, men ein liten smule erfaring, pasjon og ikkje minst tålmodighet.

Solskinnsfiskarane i Happy Hunters traff ikkje heilt med bete, me fiska på dagtid, og sov på nattestid, medan dei meir rutinerte og dedikerte fiskarane i Kjekk Tur snudde døgnet og fiska nattestid. Ingen tvil om at nattfiske var det som gav resultater! Dei drog i land nokre flotte ruggar medan me sov søtt! Blei fem eller seks stykk mellom 750 og 1000g. Fin fisk. Happy Hunters drog og i land fleire fisk, sju eller åtte i talet. Snittvekta var ganske mange hundre gram mindre enn Kjekk Tur, men så er me tross alt mange år yngre og :)

Konklusjon: Fisk stor aure om natta. Fisk steikepanneklaraure på dagtid!
Konklusjon 2: Ikkje fisk med sluk i den elvå!

Hemmelighet 1:
Me har lært oss eit par superdupertriks som garantere (stor) fisk på neste tur!!

Bilder fra turen finn du i albumet!

© 2011 Yallaveven - Hans Magne Helland Suffusion theme by Sayontan Sinha