Kategorier
Bilder Jakt, fiske og friluftsliv

Ski- og telttur ved Gamlaskar

I helga tok eg ein spontantur til fjells. Pakka ski, telt, lånte meg ein eldre pulk og labba i veg lørdagsformiddag. Hadde ein plan om å gå opp til Båsabudalen ved Skarsheia. Gikk opp og runda Skardnuten, men det var kulsen vind oppå snaufjellet, så siden dette tross alt var ein kosetur så gikk eg nedatt til Gamlaskar og slo opp teltet der.

Fekk testa den nye soveposen, og den fungerte godt. Eg kraup i posen rundt 21:00 og vakna ikkje før 10:00 neste dag. Då var eg godt utkvilt og klar for den litle biten ned til bilen igjen. 🙂 Godt å vite at eg klarer å holde varmen, for neste helg går turen opp til snaufjellet!

Glemte kamera, men knipsa nokre bileter med mobilen:

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Ein helgetur frå Gullingen til Sand

Teltleir to ved Hiimsvatnet
Stakk inn til Sand fredag etter jobb. Olav reiste inn på torsdagen, og fekk dermed i oppgåve å finne første camp, medan det enda var dagslys. Far kjørte oss til Neikjen, og ca kl 2030 var me klare for avgang. Var eigentleg ganske bekmørkt, men klok som han er hadde Olav lagt første camp like ved stien, slik at me fann han ganske så kjapt.

Det var lite knusktørr og sjølvdauda ved oppi høgda, men me fekk nå til slutt lunk i eit lite koseleg camp-bål. Var stjerneklart og fin temperatur på fredagskvelden. Eg var ganske spent på korleis min sovepose merka med 5+ C ville klare seg gjennom natta, når gradestokken kraup mot null allereie før midnatt. Det viste seg å fungere særs fint, og me vakna jammen ikkje før klokka 11:00 på laurdagen. Olav sine formaningar om å utnytte dagslyset gjekk ikkje heilt som planlagt, men man er jo tross alt på fjellet for å samle krefter 🙂

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Me vil på tur – telt, fiske og hygge!

Telt-hygge-smal
No er snøen og vinteren rett rundt hjørna, det betyr at helgene snart skal tilbringes på nedoverski i snøen!

Men me rekk ein tur før den tid, planen er 13-15. november! Dette blir (sannsynligvis) årets siste fottur på barmark. Det blir massiv hygge, fisking, telt og bålkos! Destinasjon Ryfylkeheiane!

Foreløpig er eg, Mari og Olav ganske lynklare! Nokon andre?

Husk dunis, ull og noko å varma seg på!