Recent Articles

‘Det er noe med Røldal!’ – Ja, det mangle snø!

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

Isfisketur til Ullsvatnet


Vestlandsvinteren viser seg frå si aller beste side no i byrjinga av 2010. Denne helga var intet unntak. Eg og Ingve kom oss relativt tidleg avgårde frå Stavanger, for å sleppe å gå heile turen i stummande mørke. Greit å komme seg ut av skogen, og inn i ope lende før mørket kjem, iallefall når stien er snødd ned, og ein må brøyte veg opp!

Me rekna me at isen skulle vere meir enn trygg, men sjølvsagt var det litt spenning i å ta dei første stega. Ingve tok fem steg ut, hoppa tre ganger opp og ned, og konkluderte med at «joda, den er nok trygg».  Ved nærmare studier så kunne du nok landa ein Boeing på den, for den var tjukketjukk. Herlig å traske utover isen i mørket, høyre knaking og braking i isen når den krymper sammen for natta, sterke krefter i sving.

Me ankom hytta i seks-tida, då var det -17 både ute og inne. Fekk skifta klær, fyrt opp omnifuelen og satt på kaffikjelen i ein fei! Måtte regelrett tørka litt kvist og ved på brennaren før det gjekk an å få fyr inni ovnen. Men fyrbøtaren fekk fyr, og tempen kraup sakte, men sikkert mot null-punktet. Med varm kaffi og frisk Fernet, var det bare hygge og smil å spora! Slik nærare midnatt dukka det opp eit ljos utpå vatnet, ein ting me ikkje hadde venta oss var besøk midt på natta. Men Cato syns det var ein god ide og var eit einaste stort glis når han kom fram. Eg trur hovudgrunnen til den seine ankomsten var at han fekk gå på ferdig brøyta sti, og kom fram til ei god og varm hytta!

Laurdag var det is-garnfiske som sto på programmet! Me var særs optimistiske der me boret hull etter hull i isen, putta garnet nedi og med fikse løysingar (lang bambus, og våt Cato), så fiska me det opp i neste høl!  Me såg fram til nysteikt bål-aure utpå dagen. Litt utpå kvisten kom Olav dinglande, han er garantert den første person på Ullsvatnet med alpint skibestigningsutstyr. Litt for lite snø og særdeles dårlig base, gav visstnok begrensa frihet i nedkjøringa.

Kvelden gikk fort med bål, og pizzahygge ute under ein stjerneklar himmel! Fantastisco! Olav jobbar no med å perfeksjonere oppskrifta på villmarkspizzaen sin, slik at han kan imponere og innynde seg hjå ei framtidig hulder!

Søndagsmorgon var det garntrekking og rydding/vasking. Fiske var så som så, null fangst.  Pakka saman og labba fornøgde heimover.

- Har lagt ut litt ymse bileter fra turen.

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

Sjekk forsikringane – Spar penger

forsikringsillustrasjonEin gjennomgang av mine forsikringar viste seg å vere særs fornuftig. Brukte ca ein time  på å sjekke opp eksisterande forsikringar, og besparelsar ved å bytte.

Sjekka opp kva me hadde av forsikringar gjennom jobb, fann ut at eg var dobbelforsikra på mange frontar. Doble forsikringar utgjorde 6612,- i ekstrautgift pr år. Så sjekka eg pris på bil/innbo i diverse selskap. Ved å flytte bil og innbo frå Gjensidige til Storebrand sparte eg 4000,- i året.

Dette gav meg ein total besparelse på 10612,- kroner i året, altså 884,- kroner pr månad.

Å skifte forsikringsselskap var fryktelig enkelt, alt gikk via nettet, og det nye selskapet tar seg av oppsigelsen hjå det gamle.

Når eg hadde godkjent den nye avtalen hjå Storebrand, gjekk det ikkje lenge før Gjensidige ringte meg, og opplyste om at dei gjerne kunne gi meg samme pris som Storebrand. Når eg da spurte om dei også ville refundere dei 4000,- eg har betalt for mykje i året (i to år) vart det tyst.  Hadde eg ikkje byttet forsikring hadde eg nok fortsatt betalt dobbel pris til Gjensidige.

Betaler du for mykje i forsikring? Sjekk opp!

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

God Jul og Godt Nyttår

Ynskjer alle ei rektig god jul, og eit flott nytt år!

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

Lutefisk

Inspirert av matmor Ingrid Espelid Hovig si oppskrift på dinmat.no gjorde me kål på deler av lutefisken som låg i frysa!

Rasande enkelt, veldig godt, og ein god unnskyldning for å smake på Lysholm Linie Aquaviten :) Denne maten her lager seg nesten heilt sjølv, og du rekk å mekke saus og ertestuing mens potetene kokar. Må rett og slett innrømma at me (eller Cato som handla), gjekk på ein liten ertestuing-smell, nokon har funne på at ertene skal ligge minimum 12 timar i vatn før du mekke stuing.  Redninga fann eg i det velfylte tørrvareskapet, Toro Ertestuing.

Lite tips til andre ferske lutafisk-kokarar: Fisken krympe ganske heftig! Så ta meir enn du trur! For meir detaljer om korleis du prøver dette sjølv, så kan eg anbefala Espelid si oppskrift, sett pcen på bordet, og følg videoen. Lutefisk er undervurdert.

Det gjekk jo som det måtte gå, når me smaka på Aquaviten, flaska var plutselig tom, og me måtte ta turen til Nåløyet for å slukka tørsten.

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

Fantastisk på Vågslid

Alt klaffa på lørdag. Pudder, sol, vindstille og lite folk! Dundra heisbasert uspora snø heeeeile dagen! Typ 15-25cm fresht rundtomkring :) Hadde ikkje tid å dra fram kamera eingang!

Røldal treng litt påfyll, så det er bare å be til alle vergudar, slik at romjula blir ein höydare!

  • Twitter
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!