Nokia Sportstracker – minitest
Jul 10, 2009 Testar
Etter å ha lest Ole Martin sin test av Nokia Sportstracker, så måtte eg jo teste på min telefon og! Så etter ei utepils og to i Stavanger igårkveld, slo eg på trackeren, putta telefonen i lommen og sykla avgårde. Når eg kom heim var det bare å trykke OK og laste opp treninga, så låg plutselig turen på Sportstracker-profilen min. Genialt enkelt. Du kan knipse bilder underveis, som vil bli plassert med rette koordinater på kartet (krever GPS-posisjonering på mobilkamera).
- Slik ser “treningsturen” ut i Sportstracker-profilen.
- Slik ser turen ut i google-maps:
Sentrum – heim i et større kart
Dette skal testes skikkelig på ein lengre fjelltur/sykkeltur om ikkje lenge!
Tags: 5800, Nokia, Sportstracker, test
Juleøltest 2008
Yallaveven plar alltid vere tidleg ute med «Den store juleøltesten». I år vart med slått av dinmat.no. Yallaveven vil nok komme med ein oppfølgingstest, og eg trur jammen me ska få med eksperthjelp fra dinmat-redaksjonen, slik at testen blir vel-dokumentert. Yallaveven spesialiserer seg på juleøl for folk flest. Det vil seie butikk-øl. Årets test kjem innan rimelig tid!
I desember byrjar Kardinal å få inn mykje godt juleøl, og det må vel smakast litt der også. «Nøgne-Ø» var god ifjor, det samme var den franske varianten «Meteor – Bier De Noel». Me har «Sandstreff» lordager når det passer.. Vel møtt!
- Den store juleøltesten 2007
- Den mellomstore juleøltesten 2006 (omhelland.com vart leigd inn pga tidsklemma)
- Den store juleøltesten 2005
Den store juleøltesten 2007
Dec 11, 2007 Testar
I anledning sesongens første helg i Røldal fann me det passande å arrangera ein juleøltest! Me handla inn dei variantane av juleøl som var å oppdriva på Rema 1000 på Jørpetau.. Det vart sju forskjellige juleøl som skulle testast.
Testen skulle sjølvsagt arrangerast som blindtest. Og me diskuterte lenge og vel, for å finna eit passande system.. Me hadde lite koppar og kar tilgjengelege, så Joppis vart sendt for å handle inn eingangsglas, kanskje ikkje verdas beste øltest-glas, men man tager hva man haver.
Sidan me ikkje vart einige om eit skuddsikkert opplegg for å få arrangert blindtesten, så tok Joppe initiativ og vart testansvarleg.
Den store juleøltesten 2005
Nov 7, 2005 Testar
Yallaveven har idag arrangert ein stor juleøltest. Til glede for store og små. Testen vart sjølvsagt utført som ein blindtest. For å få rette stemningen under testen, vart det og handla inn mandariner, julesjokolade og pepparkaker. Sidan me gløymde kvitteringa, er ikkje prisen tatt med i vurderinga. I denne blindtesten tok vi og med ei standard grøn tuborg (standard lordagsøl), for å sjå korleis det slo ut på resultatet… Me hadde kun 0.33 flaskeøl i testen.
Testpanelet består av to særs erfarne ølkonsumentar

Følgande ølsortar vart testa:
- Tou Juleøl
- Ringnes Juleøl
- Ringnes bryggerimester spesial julen 2005
- Dahls Juleøl
- Tuborg Juleøl



