17. June 2008 @ 10:23 av yalla
Senga er montert, motoren trimma, tanken er full (1200,- for ein tank diesel sku vert forbudt). Primastaren er lessa full med ski, surfebrett, snowboard(!!), longboard, klatreutstyr og gud veit kva. Så alt er klart for årets roadtrip mot Stryn og Stadt med mellomsteder :)
Årets mest spennande oppleving blir nok å festa på seg eit snowboard, me snakker om mitt første skikkelige brett, som eg fekk som tolv-trettenåring. F2 Spinner. Rekner med det er som å sykle, og at gamle kunster sitter som eit skudd!
Happy holidays!
Lagt inn i Ferie og reiser, Ski, Surfing | 17 kommentarer »
26. April 2007 @ 13:44 av yalla
Til helgen er det igjen duket for surfecamp i regi av GiGass. Ivanov Solbakkos organisere og styre fælt for å få alt til å gå på skinner til helga.
Veret skal vere meldt særs bra. Bølgene har eg ikkje sjekka enda, men satser på at dei blir meget bra dei og. Hadde nok ikkje vert feil å reist til Røldal heller i helga, men med mitt kne passar det bedre å ligge på Borestranda og sjå på bølgeplaskarane, og evt. ta nokre svømmetak i BodyGloven ;-)
Les meir på gi-gass.no.
Surfs up!
Lagt inn i Surfing | Skriv ein kommentar »
17. October 2006 @ 17:42 av yalla
I helga vart den tradisjonelle surfecampen arrangert. Mazza drog med seg eit lass ivrige surfarar fra Norges Idrettshøgskole. Me var max heldige med vær og bølgeforhold. Lordagen var det meget bra surf, kanskje litt stort for eindel? Men skumsurf er og kjekt.
Søndagen var bølgene noko mindre, og dei som var i god form etter lordagsnatta plaska seg og på søndag.
Surfing på dagtid, øl og bålkos på kvelds-nattestid. Det var oppskrifta på nok ei vellukka surfehelg i regi av Gi-Gass og Yallaveven.
Entusiasmen til visse surfarar kan kanskje målast med gledesutbrudda til Henning Solberg etter hans første pallplassering i rally VM.
Me seie som Henning:
«We break, we broke we break a breakpipe! We are on the podium before the first time!»
Tok litt bilder lordagskvelden, desse kan beskuast på albumene.mine.nu.
Lagt inn i Surfing | 9 kommentarer »
11. July 2006 @ 09:38 av yalla
Igår kom det endelig litt bølger til Jæren. Dei var ikkje enorme, men det gikk iallefall an å få surfa litt :) Varmt i vatnet er det og for tida, herligt å plaske rundt uten sko og hanskar..
Ser fram til ein seinsommar/haust med mykje flotte kveldar i bølgene..
Hellestø 10.07.06 - strålande sol, vindstille og varmt.. Herlich..
Lagt inn i Surfing | 2 kommentarer »
15. June 2006 @ 22:04 av yalla
Det er planane for dei neste to vekene..
Sverre Caravelle har fått litt stell, slik at han ikkje skal begynne å klage på veien oppover.. Har stappa an full med alt mulig stasj, ski, surfebrett, longboards, madrasser, stolar, kjøleskap, fortelt, tivoliradio, ipod og masse anna som me campingturistar kan få bruk for på tur..
Me reiser fra Stavanger imorgen tidlig.. Stopper innom Førde og «Trøsjen» før me reiser vidare til Stryn og Folven Camping. Etter ca ei veke eller.no går turen vidare til Stadt, der me skal surfe og campe. Så til slutt blir det litt party i Stavanger under World Tour.
Sånn ca kanskje…
Kanskje blir det litt updates etterkvart som roadtripen skrider framover..
Lagt inn i Generelt, Ski, Surfing | 7 kommentarer »
2. May 2006 @ 09:31 av yalla

I helga var det klart for surfecamp på Bore igjen. Veret var strålande, men bølgene var heller av ymse kaliber. Dei var fine heile veka, men når helga kom så blei det lite og ingenting ut av det. Folk var iallefall i vatnet på lordagen. Og i den anledning knipsa havfotograf Morten eindel bilder.
- Sjå bilder fra Bore
Lagt inn i Surfing | 22 kommentarer »