Kategorier
Film Jakt, fiske og friluftsliv Ski

Gullingen til Vela over Skardsheia

Bjarte, Mads og meg pakka sekkene for ein påsketur i går. Vi satte ein bil på Vela, og kjørte til Gullingen og satte snuten heimover mot Sand. Vi gikk opp via Gamlaskar og over fjellet via Slettedalen, Båsabu, Nilsabu, Reskjell og Velastøl før me gikk ned til Vela. Siste kneikane ned mot rv13 måtte me av med skia, og labba siste kilometrene på beina.

Det var strålande ver, vindstille og fint. Snøen var så som så, ganske avblåst og hard, så nedkjøringa mot hytta på Reskjell var av det interessante slaget! Gikk som det suste!

Har laga ein liten filmsnutt fra turen:

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Lammajakt rundt Velastøl


23-24. Oktober blei det ein snartur opp til Velastølen og området rundt. Me hadde eit lite oppdrag om å leite etter nokre lam som ikkje hadde komme seg heim frå sommarferie. Me visste det var kome snø, men at me skulle vasse til knes og vel så det, hadde me ikkje rekna med! Flott og gløyme dei nye gamasjene på den første turen ein trengde dei. Men ingenting er så gale at det ikkje kan løysast med teip!

Såg ikkje ein ulldott der oppe, ikkje spor etter fårikålen. Men såg tre-fire ørn, som kanskje har sikra vinterlageret med ferske og feite lam.

Glømte igjen jakken på stølen; så Olav me må nok snart opp og teste ut frikjøringsmulighetene rundt hytta!

Det var aldeles strålande vèr, og Suldalsheiane viste seg fram fra si beste side. Einaste som mangla var pudderplankane 🙂

Bilder finner du i albumet!