Me pakka ski- og telt, og la i veg for å sjå om me kunne finne Mohidleren. Me fann an (trur me), men det låg… les meir
Stikkord: telt
Var ei veke på Hardangervidda i midten av august! Det var mykje snø i forhold til samme tid i fjor. Fisken var ikkje like bitevillig,… les meir
Olav og eg pakka telt- og toppturstasj og kjørte så langt bilen kom. Mads, Martine, Espen og Frode kom opp morgenen etter og blei med… les meir
I helga tok eg ein spontantur til fjells. Pakka ski, telt, lånte meg ein eldre pulk og labba i veg lørdagsformiddag. Hadde ein plan om… les meir
Eg og Ingve hadde ei fantastisk veke med telt og fiskestang på Hardangervidda i midten av august. Laptopen min sliter når det er snakk om… les meir
Etter ti-tolv døgn i det nye teltet, har eg fått testa det i forskjellig vèr og forhold. Fra strålande sommar til piskande vind og snø.

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.
Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg 🙂
Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær 🙂
Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under… les meir
Siden leiligheten er solgt, var det på tide og investere i eit større telt. Etter særs gode anbefalingar frå Svandals store sønn, så falt valget… les meir
Me fann ut at me ville klatre litt i helga. Og kva er vel betre enn å kombinere det med telt, fisking og bading? Etter… les meir