Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Rundtur: Sandsa – Stranddalen

Me fekk klemt inn ein rundtur i år og! Fantastisk ver og temperatur. Det vart vel rundt rekna ein 10 badepausar på turen!

Gikk fra Osane til Sandsa seint fredag. Laurdag gikk turen vidare til Stranddalen via Fardal – Svinstøl – Fagerstøl. Folksomt i Stranddalen, derfor var me så heldige at me fekk ta med oss madrasser og dyner ned til vannkanten.

Søndag gikk turen via Øystastranddalen, oppom Napen og ned igjen til Osane! Herlig tur!

Kart
Blått: dag 1, Grønn: dag 2, Rosa: dag 3

Kart:

Kategorier
Bilder Jakt, fiske og friluftsliv

Sandsa – Stranddalen i fantastisk ver!

Tradisjon tru, tok me årets fjellcharter i vakre Suldalsfjell. Ein liten rundtur med utgangspunkt og målgang i Sandsaosane.

Fredag

Me starta fra Sandsaosane rundt 20:00 i lettskya ver, etter ein time og halvanna så var me på plass ved den store Sandsahytta. Her var det ikkje så mykje folk. Ein vertskapsfamilie, samt fem til. Olav var venta i løpet av kvelden/natta. Planen var at me skulle låne båten, og hente han på andre sida. Men tett tåke og lite mobildekning førte til at eg og Ingve tok ein rundtur på vatnet når me såg nokre lys i enden. Men me fann aldri Olav, og han måtte derfor ta beina fatt og gå i mørket langs vatnet. Rundt 0130 var han trygt stasjonert på hytta.

Lordag

Våkna til eit fantastisk ver. Nysteikt brød, kaffi og sløving på terassen, før me satte kursen straka vegen mot himmels. Fulgte Valåna opp til fjells, og runda Snønuten ned mot Svinstølen. Hadde ein lengre bade-, fiske og lunsjstopp ved Litletjørn (like ved Svinstølsvatnet). Labba vidare via Fagerstøl. I Stranddalen hadde me reservert lavvoen, og me kom fram dit i sekstida på ettermiddagen. Glad me hadde lavvoen, for det var folksomt i Stranddalen. Etter eit herlig avkjølande bad var det klart for turens høgdepunkt. Tre-retters middag, vin og øl. Fekk servert ein fantastisk middag; spekespyd, svinekam og dronning maud. Farlig med «et så mykje du vil» etter ein dags vandring. Etter middagen var det bare å nyte solnedgangen i hytteveggen. Og når sola gikk ned på Stranddalshytta, gikk me opp på nabostølen, og fekk nyte litt til før sola forsvann bak fjella.

Søndag

Atter ein dag med knall blå himmel, blir ikkje betre. Me tok ein rolig formiddag, med lang frokost, kake og kaffi før me begynte å tenke på å labbe vidare i ett-tida. Dette i motsetning til dei aller fleste andre der oppe. Før klokka 10 var det folketomt, folk stressa rundt som høner og hadde det så travelt med å komme seg avgårde til byens tjas og mas at ein nesten blei stressa av å sjå på. Dette var ein av dei finaste dagane til nå i år, og alt dei tenker på er å komme seg ned til bilane før klokka har blitt 12.

Me gikk «Napen-ruta» tilbake til bilane, første fiskestopp i Øystastranddalen. Her er fisken bitevillig og innimellom er den feit og fin. Guttane fiska, og Mari las bok i lyngen. Idyll. Etter ein lengre fiskestopp gikk me vidare, passerte Napen i fine klyv, og tok lunsjen ved Lånene. Fantastisk utsikt og ein særs fin plass for kaffi og skjeva. Nedover lia var det mykje molter, og me stappa i oss dei som var blitt modne. Vel nede ved bilane i seks-tida. Avslutta turen med eit forfriskande bad i Sandsavatnet. Reine, fine og fornøyde kjørte med dei 10 mila attende til byens kjas og mas.

Middagen i Stranddalen var atter ein gang turens høgdepunkt!

Takk for turen!

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Rundtur Sandsa – Stranddalen

Kart fra ut.no Bilder fra turen
Kart fra ut.no

Denne turen har etterkvart blitt ein tradisjon. Og i år var me avgarde same helg som i fjor. Me gjekk frå Sandsaosane fredagskveld rundt kl 21, og kom fram i skumringa, Sandsavatnet er ekstremt nedtappa, og var ikkje eit vakkert syn. Hadde ein betre kveldsmiddag og nokre fortjente pils, før me kraup til køys.

Laurdag vakna me til eit ekstremt bråk og leven frå ein gjeng med rakkarungar som tydeligvis ikkje var opplært til å leike ute! Frukost, og så ut å gå, destinasjon Stranddalen med litt omveier. Herlig vandrarver, varmt med litt bris. Etter omtrentleg fem timar var me framme ved Stranddalshytta, og fekk servert ein fortreffeleg tre-rettars med øl og vin! Nam! Det var fullbooka i Stranddalen, men me hadde heldigvis reservert lavvoen. Planen var å fiske litt etter middagen, men dei fleste av oss blei ganske segne, så kun Cato og Jarle kom seg ut på fiske på kvelden. Cato kom att med ein fin halvkilos. Me andre slo ihel kvelden med eit slag Scrabble, og det var vel ingen overrasking at eg gjekk av med sigeren i denne selskapsleiken 😉

Søndag gikk turen heimover mot Sandsaosane i strålande ver.  Me hadde fiske- og hyggestopp på vegen, ingen store beit på kroken, men lyngen var fin å sløve i! Olav og Jarle kjørte bakkeløp oppom Napen, viss ryktene stemmer, så måtte lokomotivet frå Vela sjå seg slått? Resten sklei fint forbi og vidare mot ein betre lunsj ved Lånene. Såg eindel lemen, så lovar godt for årets rypejakt!

Ein flott tur, som gjentas neste år!

Sandsahytta
Stranddalshytta aka «Perla i Ryfylkeheiane»

Bilder finne du i albumet.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv Surfing

Nye bilder lagt ut

Siden albumet nå fungerer igjen, så har eg publisert litt bilder fra august og september!

Rundtur Sandsa-Stranddalen
Bjartefestival i Ulladalen
Litt fra Bore

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Sandsa – Stranddalen

Yallaveven inviterer til friluftstur i storslått natur fredag 7.august til søndag 9.august

Planen er som følger:
Fredag: Sandsaosen – Sandsa (2 timer i STF-tid)
Lordag: Sandsa – Napen – Stranddalen (5 timer i STF-tid)
Søndag: Stranddalen – Øvre Moen (2 timer i STF-tid)

Sandsahytta er ubetjent og me mekker mat etc selv. Stranddalen er betjent og serverer fantastiske tre-rettersmiddager.. Her er det også skjenkeløyve! Telt er og ein mulighet, for dei som ønske å bære med seg det! Kan jo forsåvidt vere fare for at det er rimelig mange folk i Stranddalen så telt kan vere ein god ide, iallefall reservere plass for å vere på den sikre sida.

Plenty med gode fiskevatn i området, så husk fiskestang! Medlemskap i Turistforeningen gir fiskerett i dei fleste vatn på turen!

«Stranddalshytta blir av mange kalt «perlen i Ryfylkeheiane». Hytta ligger fint til ved Stranddalsvatnet i Suldal. De fleste kommer hit for å oppleve den unike naturen og trivelige atmosfæren på hytta. Mens andre kommer opp for å nyte en av de berømte komlemiddagene som blir servert på tirsdag, torsdag og søndag i sommersesongen.

Bestilling
I sesongen kan bestilling av rom eller middag gjøres på telefon: 00870764660130, faks 00870764660131. Merk at dette er en satelittelefon. Det kan hende du ikke når fram i første forsøk hvis satelitten ikke står i rett posisjon. Prøv igjen. Det er ikke mulig å legge igjen beskjed på telefonsvareren.»
– Stavanger Turistforening

Gi lyd på Facebook-event, eller legg igjen ein kommentar her om du vil vere med til fjells!