Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Melands Grønahei

I helga trossa med dystre vermeldingar og hissige vergudar, og stakk til fjells. Målet var Turistforeninga si hytte på Melands Grønahei.

Starta fra Kleivaland i shortstemperatur og opphaldsver, men det varte ikkje så lenge! Etter ein times tid åpna slusene, og vinden vart slått på full styrke, type motvind! På med regnkler og fjellduk. Turen opp tok nesten fire timar, i nydelig omgivelsar. Ein relativt lettgått tur utan bratte stigningar. På Melands Grønahei er alt rett og slett grønt, spesiellt terreng, og har du ikkje vert der, så bør du ta deg ein tur!

Las forteljingar om stor fiskelykke (og stor fisk) i hytteboka, men mine forsøk var resultatlause, trur eg fiska i feil vatn..

Me kom fram til ei tom hytta, og hadde heile lordagen og søndagen for oss sjølv, og dette midt i fellesferien. Legg ikkje folk ut på tur utan at sola skin?

Litt bilder fra turen finn du i albumet.

Tracka turen heim med Nokia Sportstracker:

Distanse: 13.7 km, Tid: 3t og 11min, Gjennomsnittfart: 4.3 km/t

Imponert over GPS-følsomheten til telefonen, låg oppi sekken i vanntett pakkpose, men hadde likevel gps-dekning. Thumbs up!

Detaljer hjå Nokia Sportstracker.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Hellandsnuten

Finfin start på Søndagen:

Tekniske data:
Tur: 55:40,21
Retur: 31:33,48
Totalt: 1:27:13,69

Tekniske data på Sportstrackerprofilen.

GPSen bomma litt på Start og mål, som egentlig var på samme plass! Kartet viser at eg kom ned feil plass. Men telefonen i lommen og tett skog kan vel føre til at GPS-dekninga var ymse til tider …

Kategorier
Testar

Nokia Sportstracker – minitest

Etter å ha lest Ole Martin sin test av Nokia Sportstracker, så måtte eg jo teste på min telefon og! Så etter ei utepils og to i Stavanger igårkveld, slo eg på trackeren, putta telefonen i lommen og sykla avgårde. Når eg kom heim var det bare å trykke OK og laste opp treninga, så låg plutselig turen på Sportstracker-profilen min. Genialt enkelt. Du kan knipse bilder underveis, som vil bli plassert med rette koordinater på kartet (krever GPS-posisjonering på mobilkamera).

Slik ser «treningsturen» ut i Sportstracker-profilen.
– Slik ser turen ut i google-maps:

Sentrum – heim i et større kart

Dette skal testes skikkelig på ein lengre fjelltur/sykkeltur om ikkje lenge!