Kategorier
Film Jakt, fiske og friluftsliv Ski

Gullingen til Vela over Skardsheia

Bjarte, Mads og meg pakka sekkene for ein påsketur i går. Vi satte ein bil på Vela, og kjørte til Gullingen og satte snuten heimover mot Sand. Vi gikk opp via Gamlaskar og over fjellet via Slettedalen, Båsabu, Nilsabu, Reskjell og Velastøl før me gikk ned til Vela. Siste kneikane ned mot rv13 måtte me av med skia, og labba siste kilometrene på beina.

Det var strålande ver, vindstille og fint. Snøen var så som så, ganske avblåst og hard, så nedkjøringa mot hytta på Reskjell var av det interessante slaget! Gikk som det suste!

Har laga ein liten filmsnutt fra turen:

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Rypejakt – Første jakttur i år

2009_header_reskjell_jakt
Rypejakta er igang! Har nå vert eit par dagar på fjellet og sjekka ut rypebestanden.

Me stakk innover torsdag etter jobb, og kom oss godt over halvegs før det blei stummande mørkt og me måtte finne fram lykter. Fredag vakna me til nydelig ver, og var relativt tidlige ute av hytta. Turen startar som alltid med ein god del høgdemeter rett til himmels, herlig start!

Ein liten halvtime etter me kom oppå heia, såg eg og Ingve ei einslig rype som fauk over ein knaus. Me gjekk etter den og høyrde ei fæl kakling, så letta eit stort kull på over 20 ryper, godt og vel 100 meter fra oss, så dessverre ikkje skothald på desse, men ein god start på dagen var det! Samstundes hadde Kjetil allereie blekt av to skot mot to liryper, rypene er framleis lukkeleg uvitande om faren som luska rundt øyrene på dei.

Gjekk innover fjellet, for å sjå om me klarte å finne igjen kullet me skremde opp. Dei hadde flydd langt, så eg satte etterkvart kursen mot den avtalte lunsjplassen. Når eg satte meg ned der og venta, såg eg eit nytt kull på rundt 15, som letta i horisonten, dei hadde kurs rett mot meg. Så eg satt så stille eg kunne og kryssa fingrane, men typisk så drog dei ein fin høgresving i god tid før dei passerte meg. Like etter smalt det borti lia. Ingve brende av litt krutt, men han syns så synd på dei flotte fuglane at han lot kulene passere fint på sida. Såg ikkje meir fugl den dagen. Utpå ettermiddagen satte me kursen ned mot Reskjell igjen. Kjetil slo opp teltet, og blei igjen på heia. Når me kom ned til hytta oppdaga Cato at han hadde glemt litt dyrebar veske i bilen, kom nokre heftige nordnorske gloser, før han langa avgårde, ned til Rød, henta flaska og kom halsande opp igjen etter eit par dryge timar. Alt dette for nokre centiliter Kalinka.

Laurdag våkna me til så tett tåke at det var meste så me ikkje fann utgangsdøra i hytta. Avventa nokre timar, utan at det blei særs lettare. I to-tida slo me på GPSen og tok fatt på høgdemetrane. Kjetil låg verfast i teltet og venta på redningsgruppa som kom, han hadde høyrd fugl på morningen og hatt ein runde i boxeren. Men var ikkje råd å sjå fuglen i tåka. Cato traska innover skoddeheimen med GPS i lommen, det letta utover dagen, men han hadde ikkje sett snurten av fugl.

Søndag var det strålande sol. Kjetil og Cato tok ei morgonøkt på fjellet, medan eg og Ingve rydda, vaska og klargjorde hytta før ein altfor tidlig avgang heimover.

Heller labert resultat denne helga, to store kull som ikkje var greie å få på skothald, pluss dei to lirypene som Kjetil såg. Ingve og Kjetil løsna eit par skot kvar, medan eg og Cato sparer kruttet til fuglane er på skothald! 😉

Bilder i fotoalbumet.