Skip to content

Stikkord: ryper

Årets første jakttur

Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg 🙂

Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær 🙂

Pøylånå 2010

Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under… les meir

Jakt Suldal Statsalmenning, Krossvatn

Me stakk inn til Sand torsdags-ettermiddag, lynklare for jakt. Det vart mørkt før me kom inn, så me hadde ein liten pitstop på Sand. Fredagsmorgon… les meir

Suldal Statsalmenning – jaktstart

Tagline : Hygge, Rype og hare! Host : Happy Hunters Type : Camping Trip – Hunting Trip Price : Hundrings til dagen i jakt, overnatting… les meir

Rypejakt – Første jakttur i år

Rypejakta er igang! Har nå vert eit par dagar på fjellet og sjekka ut rypebestanden. Me stakk innover torsdag etter jobb, og kom oss godt… les meir

Jaktstart

Då var den fine hausttida komen igjen. I morgon opnar rypejakta i store delar av landet. Me reiser avgarde torsdagskveld, og satsar på å sjå… les meir