Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Snøhule og vinterjakt

Det var februar og siste helg med rypejakt. Jeg har ikke fått vært mykje på rypejakt i haust, så eg måtte utnytte kortet mitt, og få ein ekstra tur.

Det er mykje snø i heia, men det er ikkje kaldt i bakken, så isen på mange vatn er utrygg. Derfor gjekk me fra Haugsland. Ein fin tur derifra opp på Skardsheia. Det var rennande vatn, og til dels åpne bekker på over 700 meter, men mykje snø. Etter å gravd ca to meter inn i snøfonna, gikk søkestanga (3 meter lang) fortsatt ikkje til botn.

Casa Skardsheia:

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakta så langt

Her kjem litt bileter og ord frå nokre av jaktturane eg har vert på til nå i år. Det har vert ein trå start slik fangstmessig, så me får satsa på at det tar seg opp nå som snøen kjem i høgheia og hjorten trekk heimover att.

Tur etter rådyrbukken

Den første jakta som startar er bukkejakta. Eg hadde to dagar der eg prøvde å finne ein bukk. Den fann eg ikkje. Det er i allefall ein fin sekstaggar som går heime, har hatt den i kikkerten to ganger, uten å få løyse skot på den. Foreløpig får den muligheten til å spre genene sine eit år til.

Småviltstart 10. september.

Då gjekk turen til Skardsheia, og overnatting i den nyoppussa Reskjellhytta. Me såg litt rype, og litt hare. Resultatet vart to knallhare og fire ryper, godt i gang med innsankinga til rypejulebordet.

Rypejakt i høgheia

Første helga i oktober hadde me ein herleg tur i Øvre Suldal. Me jakta rundt Kaldafjell og Nyastøl i fager natur. Såg eindel fugl, men dei var vanskelege å komme innpå, og været var særs basje. Så gale som det bare kan bli i høgheia i Øvre Suldal. Me snakke store mengder nedbør og stiv kuling med heftige saker i kasta. Tre fuglar vart med heim att.

Hjorten

Hjorten er man ute å sniker etter helst kvar helg. Det starta 01. september, og har gått slag i slag sidan. Det har ikkje blitt hjort enda, men det har vert observasjonar. Eg har hatt ei kolle på post, som var i fullt firsprang, og eg har fått eit rådyr ein tidleg morgon.

 

 

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Årets jakttur på Suldal Statsalmenning

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.