Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Ein helgetur frå Gullingen til Sand

Teltleir to ved Hiimsvatnet
Stakk inn til Sand fredag etter jobb. Olav reiste inn på torsdagen, og fekk dermed i oppgåve å finne første camp, medan det enda var dagslys. Far kjørte oss til Neikjen, og ca kl 2030 var me klare for avgang. Var eigentleg ganske bekmørkt, men klok som han er hadde Olav lagt første camp like ved stien, slik at me fann han ganske så kjapt.

Det var lite knusktørr og sjølvdauda ved oppi høgda, men me fekk nå til slutt lunk i eit lite koseleg camp-bål. Var stjerneklart og fin temperatur på fredagskvelden. Eg var ganske spent på korleis min sovepose merka med 5+ C ville klare seg gjennom natta, når gradestokken kraup mot null allereie før midnatt. Det viste seg å fungere særs fint, og me vakna jammen ikkje før klokka 11:00 på laurdagen. Olav sine formaningar om å utnytte dagslyset gjekk ikkje heilt som planlagt, men man er jo tross alt på fjellet for å samle krefter 🙂

Kategorier
Camping Jakt, fiske og friluftsliv

Mountain Hardwear Lighthpath 2

Har i lengre tid vert på utkikk etter eit lett og solid telt. No vart det handel. Det blei eit Mountain Hardwear Lightpath 2, totalvekt under to kilo. Handla på flust.no som er Trumf-kortet sin nettbutikk. Då fekk eg svidd av det eg hadde av Trumf-bonus, pluss at eg fikk bonus for handelen.. Win-win 😉

«The most awesome tent I’ve ever used! In an unforeseen storm the tent held up to one of the biggest poundings by the weather I have ever experienced.»
trailspace.com

Test kommer etter eit par turar i den norske fjellheimen!