Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.
Denne turen har etterkvart blitt ein tradisjon. Og i år var me avgarde same helg som i fjor. Me gjekk frå Sandsaosane fredagskveld rundt kl 21, og kom fram i skumringa, Sandsavatnet er ekstremt nedtappa, og var ikkje eit vakkert syn. Hadde ein betre kveldsmiddag og nokre fortjente pils, før me kraup til køys.
Laurdag vakna me til eit ekstremt bråk og leven frå ein gjeng med rakkarungar som tydeligvis ikkje var opplært til å leike ute! Frukost, og så ut å gå, destinasjon Stranddalen med litt omveier. Herlig vandrarver, varmt med litt bris. Etter omtrentleg fem timar var me framme ved Stranddalshytta, og fekk servert ein fortreffeleg tre-rettars med øl og vin! Nam! Det var fullbooka i Stranddalen, men me hadde heldigvis reservert lavvoen. Planen var å fiske litt etter middagen, men dei fleste av oss blei ganske segne, så kun Cato og Jarle kom seg ut på fiske på kvelden. Cato kom att med ein fin halvkilos. Me andre slo ihel kvelden med eit slag Scrabble, og det var vel ingen overrasking at eg gjekk av med sigeren i denne selskapsleiken 😉
Søndag gikk turen heimover mot Sandsaosane i strålande ver. Me hadde fiske- og hyggestopp på vegen, ingen store beit på kroken, men lyngen var fin å sløve i! Olav og Jarle kjørte bakkeløp oppom Napen, viss ryktene stemmer, så måtte lokomotivet frå Vela sjå seg slått? Resten sklei fint forbi og vidare mot ein betre lunsj ved Lånene. Såg eindel lemen, så lovar godt for årets rypejakt!