Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Årets jakttur på Suldal Statsalmenning

Jakt Suldal Statsalmenning

Suldal statsalmenning er eit svært jakt-terreng, der kven som helst kan kjøpe kort for ein billig penge. Me har vert fast inventar under åpningshelga (1. oktober) dei to siste åra, og i år var intet unntak. Det ligg fleire tilgjengelege hytter i området, men det pleier var folksomt, så me bestemte oss for å telte i litt meir utilgjengeleg terreng, der dei bedagelige sofajegrane ikkje orkar gå.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakt Suldal Statsalmenning, Krossvatn

banner_krossvatn

Me stakk inn til Sand torsdags-ettermiddag, lynklare for jakt. Det vart mørkt før me kom inn, så me hadde ein liten pitstop på Sand. Fredagsmorgon kl 06:00 var me klare for avgang.

Fredagen var det eit fortreffeleg ver, og lite snø, så me freista å køyre inn til Skreivass-dammen (yr.no hadde tross alt meldt regn og plussgrader både lordag og søndag).  Me såg fleire ryper på turen inn til dammen, og jegerane vart særs optimistiske!

Traska innover mot Krossvatn turisthytte for å sette frå oss bagasjen. Kun minutt etter at me bestemte oss for å spre oss, og lade haglene, small det frå saudabuen si hagla. Ei einsleg rype datt pladask i bakken, fantastisk start. Me spreidde oss utover eit ganske stort område, eg følgde stien innover. Etter ein dryg halvtime, gjekk eg på tre ryper, to av dei enda i sekken. Kjetil og Gjermund fekk og kvar si rype før me kom fram til Krossvatn. Gjermund var rett og slett supastoka (som ein ekta snøbrettkøyrar ville sagt) når han kom fram. Sette frå oss sekkane og fekk ein kaffitår før me traska ut att.

Eg, Knut og Ingve gjekk i retning Nøvlanuten, medan Kjetil, Gjermund og Cato gjekk andre vegen. Olav og Anders stakk opp på onsdagen, så dei hadde me enda ikkje sett snurten av. Veret var fortsatt aldeles strålande, vindstille, skyfri himmel og snødekt landskap. Tru ikkje det kan bli så mykje betre enn det. Eg og Ingve såg ein stor stegg me prøvde å lure oss innpå. Den satt som kongen på haugen, og hadde full kontroll på oss. Ikkje skothald. Etter dette såg me tre fuglar, samt ein stor flokk på 30-40 ryper, men ingen på skothald.

Lordagen våkna me til tett snøver, men forholdsvis mildt og lite vind. Så eg og Knut la avgårde, etter ca 20 minutt gjekk me på ein stor flokk på rundt 20. Knut fekk to, og eg fekk ei. Mi landa sjølvsagt utpå eit lite vatn, så eg fekk verkeleg testa impregneringa på sko og bukse. Festa buksa rundt skoa med litt ducktape, så fungerte  det utmerka å vasse til låra i vatnet. Etter dette følgde me ein flokk på ca 10 ryper innover fjellheimen. Knut fekk has på fire i denne flokken, eg fekk ikkje skothald. Ikkje lett å halde følgje med sjumilsstøvlane til Knut i knedjup snø. Dei andre fekk ikkje skothald denne dagen.

Søndagen var me tidlig oppe for å komme oss ned i rimeleg tid. Sterk vind, og snøver gjorde sitt til at turen tok noko lengre tid enn normalt. Me såg for oss ein heller strabasiøs tur med mykje graving og spadebruk for å få ned bilane. Når me bikka over kanten ned mot vegen, så var den ny-brøyta.  Sitat Kjetil: «Eg har aldri vore så glad for å sjå ein John Deere før».

Totalt 11 ryper på 8 jegerar, med fordelinga 6, 3, 1, 1, 0, 0, 0, 0. Ei fantastisk helg alt i alt 🙂 Nokre medlemskap i IRRVF (Indre Ryfylke Rypevernforening) lev farleg, og med seks fulltreffarar, står Knut verkeleg i fare for å ikkje få godkjent opptaksprøven.

Bilete finn du i fotoalbumet.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Suldal Statsalmenning – jaktstart

Jakt Krossvatn

Tagline : Hygge, Rype og hare!
Host : Happy Hunters
Type : Camping Trip – Hunting Trip
Price : Hundrings til dagen i jakt, overnatting 150 i døgnet.
Time : Torsdag  1. oktober Søndag 4. Oktober
Location : Suldal Statsalmenning
Attending : Kjetil, Ingve, Olav, Knut, Anders, Cato, Hans Magne, Ekstra-Knut
Maybe attending : Oddbjørn, Gjeddå

Første oktober startar jakta på Suldal Statsalmenning. I fjor var det megasuksess, og planen er å toppe heile greia i år! Satsar på basecamp på Krossvatn Turistforeningshytte, som ligg midt i smørauga av jaktterrenget.

Er det fleire som vil på tur, så kan dei ymte frampå ved å kommentera her 🙂

Bilder fra turen ifjor.
Referat fra turen ifjor.
Kjøp jaktkort på iNatur.no

Vel møtt!

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakt: Suldal Statsalmenning og Longanes

Jakt Krossvatn
I helga gikk turen til Suldal Statsalmenning og Krossvatn turisthytte. Eg tok meg fri mandag og tirsdag og fekk ei skikkelig langhelg!