
Årets juleøltest blei gjennomført med brask og bram på fredag! Me handla inn eit utvalg butikkjuleøl, rettare sagt 12 i slaget! Eg utførte testen som ein blindtest, og noterte flittig underveis i smakinga. Det er viktig å understreke at me ikkje bare smake, men drikke heile boksen/flaska, så notatene kan seies å vere relativt (u)saklige, særlig mot slutten av testen. Vil og understreke at 12 forskjellige slag, er i meste laget, litt usikker på nokre av terningkasta mot slutten! Men nok om det!