Kategorier
Sykkel

Lysebotn – Lauvik

Tekniske data: 120 kilometer, 1970 høydemeter, steikande sol, 20+ grader. Turen startar med 27 hårnålssvingar fra 0 moh til 932 moh. Betre kan det ikkje bli.

Her kjem eit slags bildereferat frå turen:

X-trailen lasta og klar

Me lasta Trailen til Joppe med syklar, og satte kursen mot turistferja ved Lauvik. Det var foreslått å sykle dit, men forslaget vart kontant avvist av deler av turlaget.

Turistar

Turen startar med ein to-timars guida ferjetur inn fjorden. Her fekk me sett spennande ting som turistar er særs opptekne av; Preikestolen, Fantahålå, Flørlitrappene, Kjeragbolten, Basehopperar, og sist, men ikkje minst:

DSCN0263

Dei hadde øl på ferja! Frå 7 Fjell til og med.

20160723_203935png

Turen startar med 27 hårnålssvingar opp frå Lysebotn, her er Frode i godt driv i ein av dei.

DSCN0292

På toppen av fjellet tok utbrytargruppa ein pause for å vente på hovedfeltet. Fekk litt friskt fjellvatn.

DSCN0294

Studerte litt lokal flora.

DSCN0296

Og tok seg ein kvil.

DSCN0303

Feltet vart samla, og me satte kurs mot litt snacks på GP-en.

DSCN0301

Kjetil hadde veldig lyst på skulebolla og satte inn eit rykk.

DSCN0317

Nomnom…

DSCN0334

Solobruddet mot fylkesspurten i Hunnedalen gikk inn, og Kjetil og Frode måtte spurte om andre- og tredjeplassen. Begge særs fornøyd med pallplass! Etter dette intense spurt-oppgjeret vart det kaffi, lapp med rømme- og syltetøy på Byrkjedalstunet. God bensin for siste innspurt mot Lauvik, og over Seldalsheia.

DSCN0335

Frode gjekk på ein teknisk smell like etter Byrkjedal, og måtte ta dei siste klatringane med 39-19 utveksling. Godt han hadde fulle rømmelager.

Alt i alt særs bra tur, meget bra klaff med vær og vind. Sjølv om den vinden som var, sto rett i mot ned heile Hunnedalen.

20160723_221042

«Rule #7//Tan lines should be cultivated and kept razor sharp.»

Frå Strava:

Frå relive.cc:

relivecc

Takk for turen!

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv Ski

Ski- og telttur til Mohidleren

Fin basecamp like ved Mohidleren
Fin basecamp like ved Mohidleren

Me pakka ski- og telt, og la i veg for å sjå om me kunne finne Mohidleren. Me fann an (trur me), men det låg store mengder snø i åpningen, så me må tilbake til våren for å få sett den fra innsida.

Strålande vêr, fint skiføre og godt lag!

Mari har lagt ut bilder og skrevet meir om turen!

Kategorier
Film Jakt, fiske og friluftsliv

Ski- og telttur til Tomannsbu

Eg og Mari var på ein flott skitur i vår. Me gikk fra Hunnedalen, inn til Tomannsbu. Ein fin og lettgått tur i herleg vår-vèr!

Snurr film:

Kategorier
Ski

Ettermiddagstur til Storeknuten i Hunnedalen

Dette var i utgangspunktet planlagt som ei «asfalthelg», men når søndagen kom, så kom snøabstinensene også. Derfor tok me ein kjapp ettermiddagstur til Storeknuten på 1055 moh i Hunnedalen. Det var ein rask og fin ettermiddagstur på blanda snøforhold. Avblåst og hardt på toppen, litt meir slushy mot botn.

Mari har lagt ut litt bilder fra turen!