Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Jakta så langt

Her kjem litt bileter og ord frå nokre av jaktturane eg har vert på til nå i år. Det har vert ein trå start slik fangstmessig, så me får satsa på at det tar seg opp nå som snøen kjem i høgheia og hjorten trekk heimover att.

Tur etter rådyrbukken

Den første jakta som startar er bukkejakta. Eg hadde to dagar der eg prøvde å finne ein bukk. Den fann eg ikkje. Det er i allefall ein fin sekstaggar som går heime, har hatt den i kikkerten to ganger, uten å få løyse skot på den. Foreløpig får den muligheten til å spre genene sine eit år til.

Småviltstart 10. september.

Då gjekk turen til Skardsheia, og overnatting i den nyoppussa Reskjellhytta. Me såg litt rype, og litt hare. Resultatet vart to knallhare og fire ryper, godt i gang med innsankinga til rypejulebordet.

Rypejakt i høgheia

Første helga i oktober hadde me ein herleg tur i Øvre Suldal. Me jakta rundt Kaldafjell og Nyastøl i fager natur. Såg eindel fugl, men dei var vanskelege å komme innpå, og været var særs basje. Så gale som det bare kan bli i høgheia i Øvre Suldal. Me snakke store mengder nedbør og stiv kuling med heftige saker i kasta. Tre fuglar vart med heim att.

Hjorten

Hjorten er man ute å sniker etter helst kvar helg. Det starta 01. september, og har gått slag i slag sidan. Det har ikkje blitt hjort enda, men det har vert observasjonar. Eg har hatt ei kolle på post, som var i fullt firsprang, og eg har fått eit rådyr ein tidleg morgon.

 

 

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Hellandsnuten

Finfin start på Søndagen:

Tekniske data:
Tur: 55:40,21
Retur: 31:33,48
Totalt: 1:27:13,69

Tekniske data på Sportstrackerprofilen.

GPSen bomma litt på Start og mål, som egentlig var på samme plass! Kartet viser at eg kom ned feil plass. Men telefonen i lommen og tett skog kan vel føre til at GPS-dekninga var ymse til tider …