Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Årets første jakttur

Endelig igang med årets jakt! Me testa ut nytt terreng, og det er alltid spennande. Då veit ein ikkje kvar fuglane pleier å gøyme seg 🙂

Eg og Kjetil pakka sekkar, telt og sovepose og reiste oppover mot Røldal torsdagskveld. Tok ei natt i leiligheten til Kjetil før me satte snuten mot fjellet. Fann ein fin teltplass, rigga heimen, la ifrå oss dei tunge sekkane og traska inn i tåkeheimen! Etter ca tre kvarter såg eg den fyrste rypa, ei einsleg frøken som klaska i bakken – fulltreffar. Etter dette var det dødt ganske lenge, når me kom opp i snøbeltet, såg me 4-5 på ein 100 meters hold. Fann aldri desse att. Gjekk ein tur innom Sandvatn, for å sjå korleis hytta der såg ut. Fin plass, men nedtappa vatn er aldri eit vakkert syn. Såg ikkje meir fugl denne dagen. Blei eit hekkans vær, så resten av kvelden vart innandørs i teltet. Det var nokre heftige vindkast iløpet av kvelden/natta, så måtte ut og etterstramme barduner. Teltet sto støtt natta gjennom, første skikkelige test av det nye teltet i ruskevær 🙂

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Pøylånå 2010

Dette kan ikkje vere langt ifrå å vere sommarens varmaste og finaste helg! Dei som gjekk med litt lite kler på kroppen kan skrive under på det (les; sviddhud.com).

Fisken beit til tider, men den beit desidert mest på ein spesiell sluk, denne sluken tok ni fisk, medan resten av slukane tok ein. Lurer du på kva sluk det var? Då kan eg informere deg om at det er ein godt bevart hemmelighet. Den canadiske bekkerøya er ein forteffeleg matfisk, knallrød i kjøtet, og smakar snadder. Litt slappare i fisken enn auren når du får den på kroken, så ikkje så godt å bedømme størrelsen før du ser den i vatnet. Me fekk ikkje overflod med fisk, men nok til å halde oss mette. Trur me skremte vekk eindel med plasking og bading i adams drakt 😉

Alt i alt, så er vel dette eit paradis for ein fiskar, stryk, kulpar og småvatn så langt auge ser! Me kjem att for ein ny Pøylånå-festival neste år!

Ellers er det vert og nevne at det var veldig mykje lemen, så rypejakta kan bli fin på statsalmenningen i år 🙂  Observerte både rype, hare og røyskatt på turen. Og i tillegg observerte me ein fining som nett hadde dratt i land ein feit fisk i eit lita tjødn når me var på veg heimover, her blir det nok ein liten rast neste gang 🙂

Bilder i albumet!