Kategorier
Film Jakt, fiske og friluftsliv

Film fra Hardangervidda 2012

Var ei veke på Hardangervidda i midten av august! Det var mykje snø i forhold til samme tid i fjor. Fisken var ikkje like bitevillig, men fekk nå nok til mat.

Siste halvparten av turen var Olav og Ingve også med. Har snekra i hop ein rask filmsnutt av det vesle råmaterialet eg hadde liggande.

Kategorier
Film Jakt, fiske og friluftsliv

Film fra Hardangervidda 2011

Eg og Ingve hadde ei fantastisk veke med telt og fiskestang på Hardangervidda i midten av august.

Laptopen min sliter når det er snakk om å redigere full-hd materiale. Så derfor slenger eg bare denne ut slik den er nå. Så kjem det nok ein ny versjon når det er nyare maskinvare i hus!

Skriftlig rapport kjem seinare!

Kategorier
Camping Jakt, fiske og friluftsliv

Sysendalen med fiskeklubben Kjekk Tur

18 – 22. Juni tok me turen til Sysendalen i vakre Hardanger. Strålande helg, med god fiskelukke for nokon. Det blei vel bevist at fisking ikkje kun er flaks, men ein liten smule erfaring, pasjon og ikkje minst tålmodighet.

Solskinnsfiskarane i Happy Hunters traff ikkje heilt med bete, me fiska på dagtid, og sov på nattestid, medan dei meir rutinerte og dedikerte fiskarane i Kjekk Tur snudde døgnet og fiska nattestid. Ingen tvil om at nattfiske var det som gav resultater! Dei drog i land nokre flotte ruggar medan me sov søtt! Blei fem eller seks stykk mellom 750 og 1000g. Fin fisk. Happy Hunters drog og i land fleire fisk, sju eller åtte i talet. Snittvekta var ganske mange hundre gram mindre enn Kjekk Tur, men så er me tross alt mange år yngre og 🙂

Konklusjon: Fisk stor aure om natta. Fisk steikepanneklaraure på dagtid!
Konklusjon 2: Ikkje fisk med sluk i den elvå!

Hemmelighet 1:
Me har lært oss eit par superdupertriks som garantere (stor) fisk på neste tur!!

Bilder fra turen finn du i albumet!