Kategorier
Generelt

Festival i Ulladalen

Casa Ulladalen
Casa Ulladalen

21-23. August blir det Ulladalfestival i regi Bjarte! Fjorårets festiviteter var ifølge ryktene eit særs vellukka arrangement.

Korleis kjem ein seg dit:
» Snakk med Mads (Men ikkje gjer som Mads, då rekk du ikkje fram i tide; les sykkel, kanel og Mosvatnet)
» Kjør bil!

Husk:
» God mat og drikke
» Badetøy

Møter du? Gi Bjarte ein lyd, eller skriv ein kommentar, slik at han får oversikten 🙂

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Reskjell – nesten mus i hus

Mus i hus
Mus i hus

I helga lokka Olav oss med på ein impulstur til fjells. Han skulle opp og støype ferdig fundamenter til hytta si, og ville ha selskap på turen.

Pakka sekken iløpet av to minutt, og etter fem var me vel nesten ombord på ferja! Effektivitet …

Eg, Ingve og Olav gikk fra Rød i racer-tempo. Etter drøye halvtimen var båten sjøsatt og motoren igang! Cato kom like etter springande i lange klyv fra Haugsland, han kom ei ferje seinare fra Stavanger og valde ei alternativ rute opp, sidan båten allereie var praia i Ullsvatnet. Kvelden gikk fort unna, grilling, bålsteikte vafler, og eit par brune. Namnam …

Søndagsmorning våkna me til eit løye syn. Midt på veggen var det ein kvinnelig gjest som hadde forsøkt å snika seg inn. Planen var god, men det gjekk ikkje heilt som det skulle. Ho fekk hovudet gjennom, men der stoppa det. Litt for god tilgang på mat denne sommaren tydeligvis.

Turen gikk vidare til Velavatnet for å fiske stor fisk. Ingve fekk hasen på ein snasen, me andre fekk bare småtteri. Sprang så opp til Velastølen for å inspisere framgangen på hyttetomta til Olav.  Her blei det etterkvart både folksomt og vått. Me satt i alt ti mann under presenningen og fråtsa i pinnebrød, pizza, pølser, sjokolade og kaffi, mens regnet plaska ned på utsida. Neste gang me kjem oppom rekner me med at hytta er oppe og tett 🙂

Litt bilder fra turen finn du i albumet.

Aftenbladet.no – Mus kvalt i kvisten
Vg.no – Mus kvalt i kvist
Haugesunds Avis – Her blir musa kvalt

Kategorier
Ski

Litt fra Stryn

Bilder fra Stryn
Bilder fra Stryn

Forrige veke var me samla ein solid gjeng på Stryn. Det var god stemning, blanda vær, bading, skikjøring, grilling, SPA, turistifisering m.m.

Dei hadde som vanleg store problemer med breheisen, og den sto for det meste roleg. Det vart med to skidagar. Ein i anlegget, og ein topptur til Blåtind.

Uansett heistrøbbel og skiftande vær; Stryn skuffer aldri 🙂

For spesielt interesserte så ligg det litt bilder i albumet.

Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Pinsehelg på Ullsbu

header_ullsbu
Hadde ei fantastisk pinsehelg på Ullsbu. Nydelig ver, god fisk, god drikke, kjekke folk.

Eg og Ingve traska opp på fredagen, etter å ha stått x-antall timar i ferjekø, tydeligvis fleire enn oss som hadde sjekka vermeldinga før langhelga! Fekk folk på besøk litt etter litt, på lordagen kom Olav og Tore, og på søndagen dukka Cato også opp.

Fisken beit dårlig på stang, men den tulla seg iallefall inn i garna, så det var meir enn nok å grille 🙂 Finnes ikkje bedre mat!

Lagt ut litt bilder fra den flotte plassen!

PS! Husk solkrem! Det gjorde nemlig ikkje eg…

Kategorier
Ski

Reinsnuten Freeride Jam

img_1007_cr2
Mazza ned fra toppen

Dette er blitt ein aldri så liten påsketradisjon. Ikkje like lang historie som SNO, men det fungerer som ei finfin oppladning.

Inviterer alle som er i området til useriøs leik, i og rundt Reinsnuten lordag 04.04, og evt søndag viss det viser seg å vere bra forhold! 🙂

Litt pics fra turene palmehelga ifjor:
18. mars 2008
19. mars 2008