Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv Ski

Skitur til Tomannsbu

Me hadde planlagt ein skitur til Sandvatn og Langavatn, men når me kom til parkeringsplassen traff me på ein los fra Turistforeninga som kunne melde om at det var 17 stk som hadde gått inn på fredagen, og fleire skulle inn lørdagen. Me tok derfor ei heilomvending og satte skituppane mot Tomannsbu. Det skulle visstnok også vere meir snø inn mot Tomannsbu.

Snøen var steinhard, og det var veldig lite av den. Så oppover var det egentlig enklest å gå på beina.

Knall blå himmel begge dagar, relativt kaldt (17 kalde når med kom ned igjen til bilen). På hytta var det trivelige folk, så det vart helste seint før me fann soveposane!

 

Kategorier
Bilder Jakt, fiske og friluftsliv

Ski- og telttur ved Gamlaskar

I helga tok eg ein spontantur til fjells. Pakka ski, telt, lånte meg ein eldre pulk og labba i veg lørdagsformiddag. Hadde ein plan om å gå opp til Båsabudalen ved Skarsheia. Gikk opp og runda Skardnuten, men det var kulsen vind oppå snaufjellet, så siden dette tross alt var ein kosetur så gikk eg nedatt til Gamlaskar og slo opp teltet der.

Fekk testa den nye soveposen, og den fungerte godt. Eg kraup i posen rundt 21:00 og vakna ikkje før 10:00 neste dag. Då var eg godt utkvilt og klar for den litle biten ned til bilen igjen. 🙂 Godt å vite at eg klarer å holde varmen, for neste helg går turen opp til snaufjellet!

Glemte kamera, men knipsa nokre bileter med mobilen: