Eg og Ingve hadde ei fantastisk veke med telt og fiskestang på Hardangervidda i midten av august.
Laptopen min sliter når det er snakk om å redigere full-hd materiale. Så derfor slenger eg bare denne ut slik den er nå. Så kjem det nok ein ny versjon når det er nyare maskinvare i hus!
Denne turen har etterkvart blitt ein tradisjon. Og i år var me avgarde same helg som i fjor. Me gjekk frå Sandsaosane fredagskveld rundt kl 21, og kom fram i skumringa, Sandsavatnet er ekstremt nedtappa, og var ikkje eit vakkert syn. Hadde ein betre kveldsmiddag og nokre fortjente pils, før me kraup til køys.
Laurdag vakna me til eit ekstremt bråk og leven frå ein gjeng med rakkarungar som tydeligvis ikkje var opplært til å leike ute! Frukost, og så ut å gå, destinasjon Stranddalen med litt omveier. Herlig vandrarver, varmt med litt bris. Etter omtrentleg fem timar var me framme ved Stranddalshytta, og fekk servert ein fortreffeleg tre-rettars med øl og vin! Nam! Det var fullbooka i Stranddalen, men me hadde heldigvis reservert lavvoen. Planen var å fiske litt etter middagen, men dei fleste av oss blei ganske segne, så kun Cato og Jarle kom seg ut på fiske på kvelden. Cato kom att med ein fin halvkilos. Me andre slo ihel kvelden med eit slag Scrabble, og det var vel ingen overrasking at eg gjekk av med sigeren i denne selskapsleiken 😉
Søndag gikk turen heimover mot Sandsaosane i strålande ver. Me hadde fiske- og hyggestopp på vegen, ingen store beit på kroken, men lyngen var fin å sløve i! Olav og Jarle kjørte bakkeløp oppom Napen, viss ryktene stemmer, så måtte lokomotivet frå Vela sjå seg slått? Resten sklei fint forbi og vidare mot ein betre lunsj ved Lånene. Såg eindel lemen, så lovar godt for årets rypejakt!
Rasande enkelt, veldig godt, og ein god unnskyldning for å smake på Lysholm Linie Aquaviten 🙂 Denne maten her lager seg nesten heilt sjølv, og du rekk å mekke saus og ertestuing mens potetene kokar. Må rett og slett innrømma at me (eller Cato som handla), gjekk på ein liten ertestuing-smell, nokon har funne på at ertene skal ligge minimum 12 timar i vatn før du mekke stuing. Redninga fann eg i det velfylte tørrvareskapet, Toro Ertestuing.
Lite tips til andre ferske lutafisk-kokarar: Fisken krympe ganske heftig! Så ta meir enn du trur! For meir detaljer om korleis du prøver dette sjølv, så kan eg anbefala Espelid si oppskrift, sett pcen på bordet, og følg videoen. Lutefisk er undervurdert.
Det gjekk jo som det måtte gå, når me smaka på Aquaviten, flaska var plutselig tom, og me måtte ta turen til Nåløyet for å slukka tørsten.