Som vanlig gikk turen til Steinkilen første helga i oktober. Ei nydeleg helg, med alt i fra tett horisontalt snøver til vindstille og sol.
Rypebestanden i Suldalsk høgfjell var ikkje særs imponerande (i tråd med den nasjonale «rypekrisen»), men me såg litt fugl, og eit par vart med heimatt. Drøye 20 timars vandring med hagla resulterte i to skotsjansar. Ein bom, eit treff, ei knekt hagle og hull i buksa. Såg meir fugl, men utafor rekkevidde.
Sjå nokre bileter fra helga:
Då har eg fått fyllt opp fryseboksen med dei rypene eg treng til det årlige julabordet. Så nå gjenstår det å få litt hjort og rådyr oppi der for å sikre vinteren!
Skitt jakt!