Me fann ut at me ville klatre litt i helga. Og kva er vel betre enn å kombinere det med telt, fisking og bading? Etter å ha lest litt på nettet, så ramle eg over informasjon om at Suldal Klyvarlag har bolta ruter i Gamlaskar! Då var jo valget enkelt, og me satte kursen heimover mot Sand!
Gjekk på generaltabben og ikkje sjå på ferjerutene, dermed kom me tre minutt for seint til Hjelmeland, og måtte slå i hel ein time og femten minutt der. Veit ikkje om kaffipausen på Statoil Tau var vert den ventetida. Blei litt skumringsvandring oppover, og ca 0130 var me på plass ved vatnet.
Freista fiskelukka på lordagsformiddagen, fekk på land ein fin (liten) pannefisk. Den beit på «Jungle Cock», for dei som er interesserte i slikt! Satte så kursen mot Stølsveggen, som låg like bak hytta. Fantastisk plass å bolte klatreruter. Lordagskvelden var det tid for fisking igjen og det regelrett kokte på vatnet, fisken beit støtt og stadig. Den hogg til omtrent før sluken landa til tider! Moro! Men dog mykje småtteri som beit.
Søndagen gikk me inn til klatrefelt tre, Mjølkesteinveggen. Planen var Sartreveggen, men den gikk me rett forbi. Der kan me leike oss neste gang, for det blir garantert ein tur til opp dit.
Nydelig tur!
3 svar til “Klatring, fisking, telt og bading i Gamlaskar”
Gamlaskar er ein flott stad – og dykk kan faktisk senda ein takk til Tigerbyen for dei flotte opplevingane denne helga! Mazza har faktisk både satt ut tipp-tippoldefaren til auren du fekk på kroken (ein gong på slutten av 80-talet då sur nedbør hadde tatt livet av all fisken der), og jobba dugnad på Klyvarlaget sine bolta ruter ved stølen.
Takk ska du ha Mazza, flink gut.
Nå er det nok større behov for utfisking enn utsetting. Det kokte med småfisk 🙂
Lenge si eg har sitt junglecock!
Kjekt gensyn!