Stakk inn til Sand fredag etter jobb. Olav reiste inn på torsdagen, og fekk dermed i oppgåve å finne første camp, medan det enda var dagslys. Far kjørte oss til Neikjen, og ca kl 2030 var me klare for avgang. Var eigentleg ganske bekmørkt, men klok som han er hadde Olav lagt første camp like ved stien, slik at me fann han ganske så kjapt.
Det var lite knusktørr og sjølvdauda ved oppi høgda, men me fekk nå til slutt lunk i eit lite koseleg camp-bål. Var stjerneklart og fin temperatur på fredagskvelden. Eg var ganske spent på korleis min sovepose merka med 5+ C ville klare seg gjennom natta, når gradestokken kraup mot null allereie før midnatt. Det viste seg å fungere særs fint, og me vakna jammen ikkje før klokka 11:00 på laurdagen. Olav sine formaningar om å utnytte dagslyset gjekk ikkje heilt som planlagt, men man er jo tross alt på fjellet for å samle krefter 🙂
Me hadde ingen planar om kvar me skulle gå, utanom at me skulle enda opp på Sand på søndag. Me sette kursen mot Skardnuten, og oppå der blåste det noko hinsides, så etterkvart trakk med litt nedover i terrenget. Passerte Grimsstølen på vegen. Eg og Cato jakta og på eit lam, men fekk aldri tak i det, men såg såpass at det ikkje hadde noko merke i øyrene, så saknar du eit einsamt lam, så vart det sist observert like ved Vasstøl. Hadde ein liten rast ved hyttene på Vasstøl, då byrja og mørket siga på, så me bestemte oss for å finne ein fin camp inni skogen. Kveldane blir lange når det er mørkt klokka 17, men med slik ein fin camp, så var det rett og slett bare god stemning! Kudos til Olav for å diske opp med stormkjøkken-pizza mekka frå botnen til middag! Great success!
Var mykje mildare nedi skogen, så me sov fryktelig godt denne natta, og vakna når det slutta å regne (taktisk?) sånn rundt 11:00. Klokka vart vel godt over 12 før me var klare for siste etappe. Med bushinga rundt Hiimsvatnet og opp til Blueberry Hill, så var det eigentleg knapt med tid, viss ein skulle rekkje Helland før mørket kom. Me fekk ikkje betre tid når det viste seg at Cato hadde pådratt seg nokre basseluskar, som gjorde at han svimla når pulsen steig over kvilepuls. Me kom oss nå likevel greit opp lia til Blueberry Hill. Der satte Olav snuten mot Vela, medan eg og Cato traska vidare mot Skjeggastien og Helland. Me kom oss akkurat ned til skogsveien før det vart så mørkt at ein burde hatt lykt. «Taima og tilrettelagt».
Me hadde forresten også planar om å freiste fiskelukka på turen, men det var noko glatt og hardt oppå vatna, som gjorde at sluken nok bare ville ha dabba bortover … Mission failed. Men nedi låglandet så såg me at det var rette tida for å ha med hov i bekkane! Mykje fin aure som raste rundt, men me lot den styre på utan å plage den med sluk og makk 🙂
Dette var første gang eg fekk bruka det nye teltet og soveposen. Og dei fungerte meget bra begge to! Teltet er meir enn stort nok for ein liten gut på 194cm, og romsleg nok til at Mari også kunne vert med. Men eg vart noko meir skeptisk når Cato annonserte at han hadde mista teltet sitt, heldigvis fann han det igjen på toppen av Skardnuten. For det hadde blitt for intimt. Når det er sagt, så hadde det ikkje gjort noko om det var litt høgare under taket i hovudenden (i innerteltet), dog er det relativt god plass i ytterteltet, så det veg opp for dette 🙂 Soveposen klarer seg også godt ned til eit par minus, men treng nok ikkje bli særs kaldare før det blir kulse. Stort pluss for vekt, og value for money på begge to. Samla vekt på telt og sovepose ligg rundt 2.6 kg.
Årets (sannsynligvis) siste barmarkstur vart ein alle tiders tur!
Bilder fra turen finn du i albumet.
Ruta teikna på frihånd: (fra temakart-rogaland.no)
6 svar til “Ein helgetur frå Gullingen til Sand”
Har nå fått spotify på mobilen. Ser ut til at Spotify har kommet for å bli.
Blir det no pre-seson Haukeli Høkking til helga? Er meldt endel snø!
Jaaa! Det var faktisk akkurat det som var planen 🙂
Vett du status på snømengde oppå der eller?
er ikkje heilt oppdatert, men det går det vel an å finne ut av 🙂
Ser temmelig greit ut. http://www.turistforeningen.no/conditions.php?fo_id=3872&co_id=335