I helga gikk turen til Suldal Statsalmenning og Krossvatn turisthytte. Eg tok meg fri mandag og tirsdag og fekk ei skikkelig langhelg!
Olav og Anders stakk innover på fredagen, medan eg kom etter på lordag. Veien fra Oddatjørn til Skreivass er av ymse kvalitet, og blir heller ikkje brøyta ved snøfall, så av den grunn bestemte eg meg for å sykle inn (ikkje alle driv med juks og haiker innover). Turen inn gikk veldig greit, og sykkelen sparte meg for mykje tid. Sjølv om det vart mest gåing i oppoverbakkene pga snø og tung sekk.. Men fikk desto meir fart nedover. Etter snaue 2.5 timar var eg framme ved Krossvatn og traff på resten.
Lordagen var det lite fugl og sjå, såg ein flokk på rundt 15 fugl, og ei einslige som Tveiten fikk treff på! Søndagen gikk med mot Nøvlenuten, og der var det og lite fugl store deler av dagen.. Etter lunsj så livna det til litt, og eg fekk ei rype, samt at me skremde opp ein flokk på rundt 15. Olav forbanner fortsatt sikringen på hagla, som ikkje ville av når haren satt og såg på han drøye 20 meter vekke 😉
Mandagen rydda og klargjorde eg og Olav hytta for vinteren, før me pakka sekken og satte snuten mot Skreivassdammen. På turen heimover såg me mykje spor, men lite fugl. Traff på ein flokk på rundt 20-25 stk ca på halveien. Tross alle spådommer om snø, så var det folk som hadde kjørt inn, og gjett om dei har hatt ein slitsom tur heimatt (låg ca 30cm på veien), omtrent alle oppoverbakker var manuelt brøyta med spader 😉 På heimturen var det såpass mykje snø, at det var umogleg å sykle, sjølv om sykkelen var tung å skyve på flaten og oppover, var det skikkelig skoi nedover! 30cm snø gir ikkje mykje styring og bremser 🙂
Tirsdagen var eg oppom Longanes og jakta ilag med gamle arbeidskamerater. Der såg me faktisk ein heil del fugl. Største flokken var på nærmare 50 fugl, og eindel på 10-15 stk. Men pga all snøen, og at fuglene enda ikkje har fått vinterdrakt så var dei veldig observante, og letta på langt hald. På vei ned fra fjellet traff eg på ei einslig rype som datt i bakken 🙂
Det var ein gjeng til på Krossvatnhytta, som hadde vert der bortimot 20 år på rad. Ifølge dei, var det lenge sidan det hadde vert så lite fugl i området som i år. Så det ser ut til å vere hold i alle skriveriene om eit dårlig rypeår landet rundt. Eg personleg har aldri sett så mykje rype på ei helg. Så eg gleder meg til neste år, da er det spådd lemenår og mykje fugl!
Konklusjon: Ein ny tradisjon er starta. Første helga i oktober går turen til Krossvatn.
10 svar til “Jakt: Suldal Statsalmenning og Longanes”
Fin fin tur.
Det dre såg jo majet bra ut!
Kjenne eg bør komma meg heim meir neste haust=)
Herlig og vill natur :o)
Flotte bilder!
Det som slo meg var hvor lite hvit rypa var selv om det ser ut til å ha ligget snø en god stund. Selv jakter jeg i Midtre Gauldal, og der er rypene nå nesten kritthvite selv om snøen på långt nær har lagt seg…
Snøen kom iløpet av helga, og den kom tidlig og brått på 😉
I fjor på samme tid kunne man gå på jakt i t-shirt 🙂
Det er nok grunnen til at fuglane ikkje var heilt kvite.. men snøen satte sikkert fortgang i prossessen…!
Syns det er et par åpenbare mangler hos jaktmannskapet.
Her er hva som trengs for å skyte rype når vinteren har lagt seg:
Våpen:http://www.murdoconline.net/archives/005117.html
Bekledning:http://www.forsvarsbrukt.no/shopdisplayproducts.asp?id=139&cat=KAMUFLASJE%2FKL%C6R
Og så har eg en følelse av at dette er i nærheten:
http://www.youtube.com/watch?v=oAb9R7YfQMg
🙂
@molten
Ser du ikkje korleis eg glir i eit med naturelementene?
http://home.hansmagne.com/album/main.php?g2_itemId=19863
Til og med litt snø i fanget for å få enda bedre kammo effekt.
Ja eg ser det:) trur fortsatt det hadde vore bedre med hvit kammo:) men det er klart, til og med dyra hadde vel lurt når en stor snøball kom trillende mot de:)
[…] Bilder fra turen ifjor. – Referat fra turen ifjor. – Kjøp jaktkort på […]