Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Årets første jakttur

Skardsheia med snø
Location: Skardsheia
Hunters: Hans Magne, Kjetil, Ingve og Cato.

Då var me vel heime fra Skardsheia. Me gikk oppover på fredagen, i eit heller basje ver. Det regna og blåste rimelig heftig.

Lordagen vakna me til snøver. Veret letta heldigvis utover dagen, og det var kun nokre snøbyger i ny og ne. Fuglane var ikkje så gode å finne. Dei var ikkje blitt kvite enda, så dei fleste hadde kanskje rømt vekk fra snøen.

Det blei skote eindel hol i lufta før eg traff den første fuglen, ei lita fjellrype. Fem minutter seinare traff eg ei stor lirype. Og det var det.

Resten av folket kom tomhendte heim.

Idag vakna me til eit hinsides regnver og tett tåke. Me traska difor heim relativt tidlig. Det hadde regna såpass iløpet av natta at båten låg med ripa under vann.

Me får satse på at det blir meir fugl å få ved ei seinare anledning 🙂

5 svar til “Årets første jakttur”

Syns det va lite fugl å sjå i år. Små kull på to og tre fuglar. Hadde vi varma opp med nokre turar på leirduebanen, så hadde jaffal eg hatt orrfugl i sekken!

Ingve. Neste gong då håpe eg at du huske meir enn «mat kl fem». Det va kjedeligt å traska ner staursulten og aleina.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *