Kategorier
Jakt, fiske og friluftsliv

Komle og fisk

Sol i Øystastranddal

Forrige torsdag stakk eg og Jensen til Stranddalen for å fiske. Ein god grunn for å gå opp på torsdagen er og at det står stranddalskomla på menyen. Me satte fra oss dei tunge sekkene i «krysset» Sandsa/Stranddalen og småsprang siste stykket mot hytta.

Når me kom oss inn i hytta, traff me Turi og Sara, som hadde planar om ein langtur til Mostøl, viss dei kom seg opp etter all vinen? Komla og øl var bra saker 🙂 Etter seks særs kraftige komler med mykje tilbehør, så tek det litt tid før kroppen er brukandes til noko som helst. Men me tutla oss ut og nedover mot Øystastranddalen når mørket seig på.

I det me hadde fått opp teltet, så byrja det å regne. Heldigvis var det fint ver på fredagen. Fiske var så som så. Men dei me fekk var saftige og gode. Natt til lordag starta det verste regnveret, og det tok aldri slutt. Så etter eit kaffibesøk på Månastøl satte med kursen heimover!

Litt bilder fra turen finn du som vanleg på albumene.mine.nu.

Ett svar til “Komle og fisk”

Ja, legg merke te det. Der e ikkje eitt bilete frå lordag. Det va så vått at kamera te Yalla forblei i sekken heile tida! Elles va det jo ein fin tur. God utsikt frå Napen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *