Kategorier
Testar

Den store juleøltesten 2005

Yallaveven har idag arrangert ein stor juleøltest. Til glede for store og små. Testen vart sjølvsagt utført som ein blindtest. For å få rette stemningen under testen, vart det og handla inn mandariner, julesjokolade og pepparkaker. Sidan me gløymde kvitteringa, er ikkje prisen tatt med i vurderinga. I denne blindtesten tok vi og med ei standard grøn tuborg (standard lordagsøl), for å sjå korleis det slo ut på resultatet… Me hadde kun 0.33 flaskeøl i testen.

Testpanelet består av to særs erfarne ølkonsumentar
Yalla testperson Kjetil testperson

Følgande ølsortar vart testa:

  • Tou Juleøl
  • Ringnes Juleøl
  • Ringnes bryggerimester spesial julen 2005
  • Dahls Juleøl
  • Tuborg Juleøl


Testpanelets meiningar

Tou Juleøl
Kjetil testpersonSmakte litt likt tuborg juleøl, altså noko død i smaken. Lite fres. Den kan ver brukandes til juledadlene.
delt 4. plass

Yalla testpersonNøytral lukt. God på smak, relativt lys. Veldig godt drikkeøl når det skal drikkes mykje. Det beste drikkeølet.
1. plass.

Best i test 2005Ringnes Juleøl
Kjetil testperson«Den e god», var den umiddelbare kommentaren. Smaker som juleøl skal smake. Nøytral juleølsmak som egnar seg godt til drikkeøl. Dette er favoritten. Mellomlys i farge.
1. plass

Yalla testpersonLukta lite og ingenting. Relativt tam, men god på smak. Passer godt til pinnakjøt med kålerabistappa.
2. plass

Ringnes bryggerimester spesial julen 2005
Kjetil testpersonEi aning lakrissmak. Spesiell smak.
3. plass.

Yalla testpersonMarkant lukt av lakris, testens nest mørkaste. Også ein smak av lakris. Ikkje Yalla sin favoritt. Egner seg nok godt som dessertøl.
5.plass

Dahls Juleøl
Kjetil testpersonDenne var god den ja, kraftig brent smak. Ja bra den ja. Passer godt til ribba.
2. plass

Yalla testpersonBitter. Testens desidert mørkaste øl. Lukte jul. Kraftig smak, kraftig ettersmak som sitter lenge… veldig lenge.
4. plass

Tuborg Juleøl
Kjetil testpersonDød, lite kullsyre, flat i smaken.
delt 4. plass

Yalla testpersonSpesiell. Sur og bitter(?), nokenlunde samme type som Ringnes Juleøl. Men smakar godt.
3. plass

Tuborg Pilsner grøn
Kjetil testpersonDenne kjente han kjapt igjen, og brukte den for å nøytralisere smakslaukane mellom smaksrundane.. Godt å ha med i testen.

Yalla testpersonKjente kjapt igjen denne, både på smak og lukt. Dette er ølsmaken me kjenne best, så den blei brukt til å nøytralisere smakslaukane gjennom testen.

Konklusjon
Det kan konkluderes med at det er masse godt juleøl i år. Begge testpersonane har ei klar formeining om at på storfesten 2. juledag er det Tuborg Grøn som er favoritten. Då skal det jo konsumerast ein 12-18 stk. og då blir juleølet for kraftig.

Men kan vel og sjå at smaken er som baken, og ein må kvar som ein gjera opp si eiga meining. Men me har iallefall fått ein tjomslige kveld, med masse god drikka. Og det er enda ikkje tomt 😉 Og mor; kjøp Ringnes Juleøl til pinnakjøtet!

Av juleølet så er det Ringnes Juleøl som totalt sett må kåres til vinner grunna ein 1. og ein 2. plass.

Nokre bilete frå den store øltesten.

14 svar til “Den store juleøltesten 2005”

Eg e heilt enige!

Forresten, når dere skal teste juleøl, så bør dere ha større utvalg enn dette.. Sterkøl hører også med!

Starkôl er inte bra. Har faktisk aldri drukket eller kjøpt det!!

Denne testen som er foretatt er meget pålitelig og bra. BASTA!!

Einaste juleølet som manglet var jo Santa Claustaler 🙂 Den scorer høgt pga. bra navn!

Gledar meg mest te Yallaveven ska utføra den store styrepils-testen! Der e det vel få som kan matche spisskompetansen i Godalsveien…

Når dokk va så godt i gang med Helland hjelper deg, ka med testing av sjokolade julekalenderar? Så e me sikra ei god adventstid:)

Den store juleøltesten 2007…

I anledning årets første helg i Røldal fann me det passande å arrangera ein juleøltest! Me handla inn dei variantane av juleøl som var å oppdriva på Rema 1000 på Jørpetau.. Det vart sju forskjellige juleøl som skulle testast.
Testen skulle s…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *