Kategorier
Ski

Ingen skam å snu

Taake og regnHaukelisæter – Vassdalseggi (1658moh) – Bleskestad på ski. Det var planen for søndagen. Dei glade vandrarar var meg, Reidar Lerang og Arne S. Mehus. Me for opp lordagsettermiddag, parkerte ein bil på Bleskestad og kjørte videre til Haukeliseter. La oss inn på Turistforeningen sitt «hotell», hadde ein fortreffelig tre-retters i restauranten og såg ‘Gladiatoren‘ før kvelden seig på.

Vermeldingane for helga var heilgardering med sol, skyer og regn samt litt vind. Så me var ikkje fryktelig optimistiske med tanke på søndagsveret. Vakna opp til vind, regn og tett tåke på søndagsmorning. Me såg ikkje heilt poenget med å traske opp til rogalands høgaste topp med kun kart/kompass og GPS å gå etter. Så me kapitulerte og reiste heimover. Trist.. Når me kom oss til Bleskestad for å hente den andre bilen, så var det enda tettare tåke der, så det var nok ein klok beslutning.

Litt skuffande var det at veret ikkje var på vår side. Snøen forsvinn fort der oppe nå, så det blir nok ikkje skitur dit i år. Men me planla heller å ta turen til fots når sommaren kjem.

Bilder fra turen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *