Idag var me noko seint oppe, så det blei Gullingen, ein gammal slager. Det er her me er oppvaksne, surfane nedover Gullingen sine fjellsider. Må sei det var greit å vere tilbake, ikkje direkte optimale snøforhold, men det dugde.
Bjarte fekk testa ut «puddeplankane», heime-mekka ski som er omtrent 23cm på midten. Det var jo ikkje direkte gode forhold for desse skia, men det såg ut til å fungere sånn nokonlunde OK 😉 Eg fekk diverre ikkje testa nyvinninga sidan skoa mine var litt for store.. Men det må me fikse slik at eg får prøvd dei i sitt rette element; 1 meter fjørlett pudder.
Nå er det straks tilbake til Paradis! Adios!