Jegrar:
Hans Magne Helland
Ingve Berge
Då var me trygt heime frå vår tredje tur til Reisgil. Vergudane var voldsomme denne helga. Me starta turen noko for seint fra Sand. Ca 19:00 var me klare til å gå fra Rød, og da var det allereie bek-mørkt. Eg stroppa hodelykta til hode, så la me iveg. Me gjekk stort sett i ein einaste store bekk oppover til Ullsvatnet. Mine gode gamle militærstøvlar takla ikkje det på ein veldig super måte, så beina blei blaute og gode. Turen opp til vatnet tok litt lenger tid enn normalt, sidan hodelykta med kun dioder, ikkje direkte lyser opp heile skogen.. Men rundt 20:00 var skipet sjøsatt og maskineriet igang.
Turen over vatn tok iallefall lengre tid enn normalt. Maskineriet på skipet har 3 innstillingar; «Sakte», «veldig sakte» og «så sakte at det nesten går bakover». Me måtte faktisk kjøre i siste innstilling, fordi det var veldig bek-svart utpå der. Heldigvis var andre enden av vatnet der den alltid har vore, så omsider kom me oss over. Sidan det vart så mørkt, og me skulle bære ved fra Ullsbu og opp til Reisgilhytta, så blei me buande på Ullsbu denne natta. Gidda ikkje klatre med ørti-førti kilo ved og annet i sekken utan å sjå kor me satte beina. Det blei ei god natt på Ullsbu, der Ingve gikk på noen smeller i Ludo. I det veldig morsomme brettspillet, Gåsen, blei det ein jevn batalje..
Lordagsmorning var me oppe før det blei lyst, pakka så mykje ved det var mulig å få plass til og la iveg det siste stykket til hytta. Den bakken var ganske heavy å traske med all veden på ryggen. Me såg to ryper på vei opp til hytta, og vart med eit veldig optimistiske med tanke på resten av dagen (neste gang skal ikkje hagla henge på ryggen frå Ullsvatnet til hytta). Trødde i oss litt grovbrød på hytta, pakka ut av den eine sekken og oppi den andre før me satte igang oppstigninga til heia med glade og lette tråkk.
På toppen av første brattstigninga skimta me ein stor fugl i det fjerne, og smila vart enda breiare enn dei var. Tåka låg tjukk over fjellet, men med GPS og kart i lommen traska me rett inn i den usikre kvite massen. Denne helga hadde an ikkje spart på noko han som styrer vêr og vind. Svære regndråpar og kraftige kast i vinden. Men jakta, det sko me likevel. Iløpet av timane oppå fjellet såg eg ein fugl, og den ligger fint begravet i guds frie natur, trur ikkje den hadde vert direkte god i steikepanna.. For fuglekjennere så ser dei vel på bildet kva det er for noko. Den såg veldig fin ut, men er ikkje noko direkte ettertrakta fugl 🙂 Nå er det like før me erklærer Skarsheia for utrydda området. Ingve meinte han såg ei rype i det fjerne, men med all skodda som var, kunne det like godt ha vert ein kinesisk vingebjørn han såg..
Lordagskvelden trødde me i oss ekte villmannskost, joika-kaker og potetmos. Herligt. Me venta i spenning på at Ekko Radio skulle starte god-sendinga klokka 23:00. Og me sprang til nærmaste haug for å få god nok dekning til å sende våre sms-er med ønskelåter.. Etter mang ein tur ut i våte og kalde natta, barbeint og forfrøsen, så opplysten radioverten om at «Noen hadde snublet i ledningen til SMS-en, så dei fekk dessverre ikkje lest opp fleire». Skuffelsen var total, og me la oss til å sove etter ein skarp liten jegervenn i koppen.
Søndagen var me seint oppe. Idag var planen å ta rypene me såg nedforbi hytta igår.. Men dei var sjølvsagt fordufta for alle vindar.. Viss det er nokre jegrar som slit me for mykje fugl på heia dei jaktar.. Så er det ingen problem å jage nokon av dei til Skarsheia. Der får dei enorm tumleplass og lite eller ingen kamp om maten.
Snipp snapp snute så var atter ei fugleløs jakt ute.