Jegrar:
Hans Magne Helland
Arne S. Mehus
Kjell Trygve Bjørheim
Trond Tonå Furenes
Reidar Lerang
Sigbjørn Lerstøl
Sov begge nettene i hytta denne gang, ikkje verst. Turen starta fredagen, og me var ganske seine opp på hytta. Klokka var vel 2130 ellerno slikt når alle var kommet seg over vatnet. Trond diska opp ein strålande middag, beståande av Steinbit-filet med diverse digg tilbehør. Så var det litt godt og drikke før soveposen lokka oss til sengs.
Før fuglane feis (eller iallefall nesten) var me oppe og klare til utmarsj. Kjentmann Sigbjørn geleida oss opp på høgaste heiå. Vel på toppen delte me oss opp sånn ca 2 og 2, før me traska i litt forskjellige retninger. Eg såg ein flokk på 5 ljuper nesten med eingang, men dei var litt langt vekke, så eg sparte på kruttet og rekna med det skulle komma fleire sjansar.. Regelverket tilsa at ein måtte shotte ein kvesse drink for kvart bomskot, når me kom ned til hytta igjen. Så 0830-0900 var litt vel tidlig å byrja på «shots-sankinga» 🙂 Traska rundt i flott natur og relativt greit ver. Tåka låg og lurte heile dagen, men ponchoen var godt plassert i ryggsekken, så det var ingen problem! Etter den optimistiske starten med eit kull på 5, omtrent før eg hadde funne fram hagla, så såg det ut til å bli ein kjekke dag. Etter dei 5 første var det ein rolige periode på 4-5 timar, uten at eg såg særlig til ljupå.. Men så begynte den å kikka fram igjen. Her blei det skote ein del hol i lufta. Eg bomma på ei som eg absolutt burde ha truffe.. Men så gale var det ikkje likevel, eg fikk den iallefall til å endre retning, slik at den fauk rett i sikre døden, når den passerte på Sigbjørn og Arne, dei satte 2 skot kvar i den. Bly-tung og fæl så seilte den rypa vel langt før den gikk i bakken, så langt at den aldri blei funnen igjen. Vel, me hadde kanskje funne den viss me absolutt måtte, men stupet den for utforbi var oppimot 100 lodrette meter, så den fekk bare ligge 🙂
Ca midt på dagen hadde med lunsj i ei lita jakt og sankehytte på fjellet. Der fekk me kokt oss kaffi og ein tørr plass å sitja.. Herligt.
Etter lunsjen var det freske jegrar som freista seg ut igjen. Det småregna litt, men ikkje slik at ein blei våt. Det var ikkje store fangsten me hadde hatt så langt. Så me håpa på litt meir fugl etter lunsj. Me såg fortsatt litt fugl, men den var så sjeldan på skothald. Eg brende to hol i lufta, men fortsatt ingen ljupa som ville bli middag. Ca på dette tidspunkt tok Trond turen himover. Reidar ville på topptur (Fjellsenden 1101 moh). Me andre tok turen via Skjetahola og Kvanndal på vegen him. Like før me kom til Kvanndal såg Sigbjørn og/eller Arne ei orrhøne som sette seg på ein høgde. Dei sende meg opp for å ta den. Eg sneik meg opp, og før eg fann noko høna så letta det ein orrhane i nærleiken av meg, eg blekte eit skot etter den, og den ramla i bakken.. Den var ikkje heilt daud, så eg måtte springa som ein gal og skaut den eingang til. Då var den daud. Omtrent i dette øyeblikk letta den orrhøna som eg egentlig skulle opp og hente. Men då hadde eg ikkje fleire skot i hagla, og den var for langt vekke frå dei som sto nedforbi haugen. Det var jaggu godt å få has på ei fugl etter rundt 11 timar trasking..
Me var nede med hytta igjen ca 1930-2000. Og hadde hatt ein veldig fin dag til fjells. Reidar kom tilbake fra toppturen omtrent samstundes som oss, med to ryper i sekken. Og det var det totale antall fugl på denne jakta. Søndagen blei det ingen jakt.. Var det kanskje alle bomskota som gjorde det? (jmf regelen nemd lenger oppe). Alt i alt ein kjekk tur 🙂
Og snipp snapp snute, så var enda ei opplevelsesrik helg ute!