Tekniske data: 120 kilometer, 1970 høydemeter, steikande sol, 20+ grader. Turen startar med 27 hårnålssvingar fra 0 moh til 932 moh. Betre kan det ikkje bli.
Her kjem eit slags bildereferat frå turen:
Me lasta Trailen til Joppe med syklar, og satte kursen mot turistferja ved Lauvik. Det var foreslått å sykle dit, men forslaget vart kontant avvist av deler av turlaget.
Turen startar med ein to-timars guida ferjetur inn fjorden. Her fekk me sett spennande ting som turistar er særs opptekne av; Preikestolen, Fantahålå, Flørlitrappene, Kjeragbolten, Basehopperar, og sist, men ikkje minst:
Dei hadde øl på ferja! Frå 7 Fjell til og med.
Turen startar med 27 hårnålssvingar opp frå Lysebotn, her er Frode i godt driv i ein av dei.
På toppen av fjellet tok utbrytargruppa ein pause for å vente på hovedfeltet. Fekk litt friskt fjellvatn.
Studerte litt lokal flora.
Og tok seg ein kvil.
Feltet vart samla, og me satte kurs mot litt snacks på GP-en.
Kjetil hadde veldig lyst på skulebolla og satte inn eit rykk.
Nomnom…
Solobruddet mot fylkesspurten i Hunnedalen gikk inn, og Kjetil og Frode måtte spurte om andre- og tredjeplassen. Begge særs fornøyd med pallplass! Etter dette intense spurt-oppgjeret vart det kaffi, lapp med rømme- og syltetøy på Byrkjedalstunet. God bensin for siste innspurt mot Lauvik, og over Seldalsheia.
Frode gjekk på ein teknisk smell like etter Byrkjedal, og måtte ta dei siste klatringane med 39-19 utveksling. Godt han hadde fulle rømmelager.
Alt i alt særs bra tur, meget bra klaff med vær og vind. Sjølv om den vinden som var, sto rett i mot ned heile Hunnedalen.
«Rule #7//Tan lines should be cultivated and kept razor sharp.»
Frå Strava:
Frå relive.cc:
Takk for turen!